Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) (bokmål: Miljøpartiet De Grønne, nordsamisk: Birasbellodat Ruonát) er eit norsk politisk parti. Det vart formelt stifta i 1988, men stilte til val også i kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1987, då partiet fekk éin fylkestingsrepresentant i Akershus. I prinsipprogrammet til MDG frå 2013 heiter det at «partiets mål er eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal underordnast sunne økologiske prinsipp, og fremje fred og rettferd både lokalt og globalt. Livskraftige lokalsamfunn basert på lokale ressursar er ein føresetnad for å nå målet.»

Sjå òg Miljöpartiet de Gröna.
Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Miljøpartiet Dei Grøne
Thumb
LandNoreg
Partileiar(ar)Arild Hermstad
GeneralsekretærTorkil Vederhus
TalspersonUne Aina Bastholm
Arild Hermstad
Grunnlagt29. oktober 1988
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Grøn Ungdom
Donasjonar4 963 551 (2021)[1]
Medlemstal12 370 (2021)
Ideologigrøn ideologi Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre
Internasjonal tilknytingGlobal Greens
Slagord«Ta vare på fremtiden.»
Ordførarar
1 / 356
Kommunestyre-
representantar
310 / 9 344
Fylkestings-
representantar
36 / 574
Stortings-
representantar
3 / 169
Lukk

Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 3,2 prosent oppslutning og omkring 95 000 stemmer på landsbasis. Den låge framgangen på 0,4 prosentpoeng frå 2013 stod i sterk kontrast til fleire meiningsmålingar i valkampen som varsla atskilleg større framgang og von for mandat i fleire fylke. Partiet fekk éin representant på Stortinget, som i 2013. Den eine av talspersonane til MDG, Une Aina Bastholm, vart valt inn på Oslo-lista med om lag 22 000 stemmer.

Ungdomsorganisasjonen til partiet, Grøn Ungdom, vart stifta i 1996 og har Hulda Holtvedt og Teodor Bruu som nasjonale talspersonar.[2][3]

Hovudsaker

Valkampen i 2013 vart det nasjonale gjennombrotet til MDG. På ei rekkje meiningsmålingar var partiet inne på Stortinget med fleire mandat. Hovudsakene i valkampane både i 2013 og 2017 var at «ein treng eit samfunn med større fokus på livskvalitet, klimasmart samferdsel og at ein må førebu ei omstilling til ein meir berekraftig og fornybar økonomi». MDG presenterer seg som eit parti som er uavhengig av regjeringsalternativa, og som signaliserer at det kan samarbeide med alle parti på Stortinget med unntak av Framstegspartiet.

Meiningsmålingar har vist at MDG har særleg stor oppslutning hjå personar under 30 år. Partiet har nesten like stor oppslutning blant menn som blant kvinner. Geografisk er støtta spreidt utover Noreg, men med noko overrepresentasjon i Oslo.[4]

Historie

Opphav og dei to første tiåra

Oppslutninga om MDG i den første perioden til partiet var nokså låg – både i stortings- og lokalval. I det første stortingsvalet i 1989 fekk partiet litt over 10 000 stemmer (0,4 prosent).

Ein av hovudårsakene til at MDG ikkje fekk like stor oppslutnad som sitt svenske søsterparti, Miljöpartiet de gröna, var at både Sosialistisk Venstreparti og Venstre hadde etablert seg som miljøparti før MDG kom på banen. Det politiske rommet for eit nytt miljøparti i Noreg var dermed avgrensa.

Frå etableringsåret og fram til og med lokalvalet i 2007 fekk partiet mellom 0,1 og 0,3 prosents oppslutning ved stortings- og kommunevala. Partiet gjorde det alltid litt sterkare i kommunestyre- og fylkestingsval enn i stortingsval, men fekk aldri valt inn fleire enn åtte representantar (kommunestyre- og fylkestingsvalet i 1995).

I 2007 gjorde partiet det best i Vest-Agder og Sør-Trøndelag, der det fekk høvesvis 1,7 og 1,2 prosent av stemmene. Det var likevel ikkje nok til å få mandat i fylkestinga. På kommunalt nivå derimot vart partiet representert i kommunestyra i Halden, Nesodden, Trondheim, Kristiansand og Stjørdal.

Ved stortingsvalet i 2009 auka oppslutninga om partiet til 0,3 prosent på landsbasis. Best gjorde partiet det i dei folkerike fylka Oslo, Sør-Trøndelag, Hordaland og Akershus, men samanlikna med dei andre små partia var oppslutninga til MDG relativt lik over heile landet.

Thumb
Frå venstre: Rasmus Hansson, Lan Marie Nguyen Berg og Une Aina Bastholm
Foto: Thomas Ekström

Etter 2010

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 vart på mange måtar eit gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne. Partiet gjekk inn i valkampen med lister i 57 kommunar, ein vekst frå 15 i 2007. Det fekk nesten 22 000 stemmer (0,9 prosent) i kommunevalet og nesten 29 000 stemmer (1,3 prosent) i fylkestingsvalet. Talet på kommunestyrerepresentantar vart tredobla frå 6 til 18, og partiet vart representert i fylkestinget i Hordaland og i Oslo bystyre. Etter stortingsvalet 2013 fekk MDG 2,8 % av stemmene og fekk eitt mandat frå Oslo, representert av Rasmus Hansson.

Ved lokalvala i 2015 fekk MDG ytterlegare framgang. Partiet fekk både ved kommunestyre- og fylkestingsvalet ei oppslutning som var nesten på linje med dei konkurrerande miljøpartia Venstre og SV. Miljøpartiet Dei Grøne fekk over 101 000 stemmer ved kommunestyrevalet (4,2 prosent) og over 110 000 stemmer ved fylkestingsvalet (5,0 prosent). Partiet danna nytt byråd i Oslo saman med Arbeidarpartiet og SV, og fekk to byrådar. Hanna E. Marcussen fekk ansvar for byutvikling og Lan Marie Nguyen Berg for samferdsel. Den eine av dei dåverande talspersonane til partiet, Hilde Opoku, vart i eit samarbeid med mellom anna Arbeidarpartiet valt til varaordførar i Trondheim.[4] Etter stortingsvalet 2017 fekk MDG 3,2 % av stemmene og heldt på mandatet frå Oslo, denne gongen representert av Une Aina Bastholm.

Leiing

Sentralstyre

Vald på andsmøtet til MDG i 2019 og 2020:[5]

  • Leiar: Une Aina Bastholm
  • Nestleiar: Arild Hermstad
  • Nestleiar: Kriss Rokkan Iversen
  • Partisekretær: Torkil Vederhus
  • Medlem og internasjonal kontakt: Kristin Knutsen
  • Medlem: Daria Maria Johnsen, Toine Sannes (også fiskeripolitisk talsperson), Thor Haakon Bakke, Farid Shariati (også sosialpolitisk talsperson) og Ulf Lund Halvorsen.
Thumb
Leiartrioen i 2014: Talspersonar Hilde Opoku og Rasmus Hansson og partisekretær Lars Gaupset
Foto: Øyvind Aukrust

Miljøpartiet Dei Grøne hadde før 2019 ikkje partileiar. To personar frå landsstyret fekk nemninga talspersonar, av dei minst éi kvinne. Rasmus Hansson og Hilde Opoku vart valde som talspersonar på landsmøtet i Bærum i 2014. Frå 2018 var talspersonane til partiet Une Aina Bastholm og Arild Hermstad.

Jan Bojer Vindheim var før 2019, den einaste personen som har hatt tittelen partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne. Han sat frå 1993 til 1994.

  • Ove Braaten (1989–1991)
  • Olav Benestad (1991–1992)
  • Jan Bojer Vindheim (1993–1994, 2001–2004, 2007–2008)
  • Ane Aadland (1995–1997)
  • Arne Gravanes (1995–1997)
  • Birte Simonsen (1998–1999, 2002–2004, 2007–2008)
  • Brynmor Evans (1998–1999, 2004–2005)
  • Lisa Fröyland (1999–2002)
  • Gunter Scholz (1999–2000)
  • Tove Funderud Johansen (2000–2001)
  • Trude Malthe Thommasen (2004–2007)
  • Gaute Busch (2005–2006)
  • Mats Indrefjord Høllesli (2006–2007)
  • Hanna E. Marcussen (2008–2014)
  • Sondre Båtstrand (2008–2011)
  • Harald August Nissen (2011–2014)
  • Hilde Opoku (2014–2016)
  • Rasmus Hansson (2014–2018)
  • Une Aina Bastholm (2016–)
  • Arild Hermstad (2018–)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.