slovakisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Mikuláš Dzurinda (fødd 4. februar 1955) er ein slovakisk politikar. Han var statsminister i Slovakia frå 1998 til 2006.
Mikuláš Dzurinda | |||
| |||
Fødd | 4. februar 1955 (69 år) Spišský Štvrtok | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Slovakia | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom, diplomat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Žilina | ||
Barn | Zuzana Dzurindová | ||
Alle verv |
Dzurinda vart fødd i Spišský Štvrtok i Prešov-provinsen i dåverande Tsjekkoslovakia. Han gjekk ut frå høgskulen for transport og kommunikasjon i Žilina i 1979. Han arbeidde som økonomisk analytikar for transportforskningsinstituttet i Žilina frå 1979 til 1988. 1988 til 1990 jobba han som seksjonsdirektør for den tsjekkoslovakiske jernbanen i Bratislava.
Dzurinda gjekk inn i politikken som ein av grunnleggjarane av den Kristendemokratiske Rørsla (Kresťanskodemokratické hnutie – KDH) i 1990. Etter det første demokratiske valet i Tsjekkoslovakia i 1990 vart Dzurinda visesamferdselsminister i den slovakiske regjeringa i 1991. I 1992 vart han vald inn i det slovakiske parlamentet, der han var med i finanskomitéen. Då Tsjekkoslovakia vart oppløyst i 1993 var Dzurinda nestformann i KDH, med ansvar før økonomi. I 1994 var han minister i regjeringa til Jozef Moravčík, etter at Vladimír Mečiar vann parlamentsvalet i oktober 1994 vart han del av opposisjonen.
Mečiar sitt styre var svært kontroversielt og vart skulda for å vera autoritært. Som eit resultat av dette gjekk KDH og fire andre opposisjonsparti i 1997 saman i ein koalisjon, den Slovakiske Demokratiske Koalisjonen (SDK). Dzurinda vart talsmann, og 4. juli 1998 leiar for koalisjonen. Koalisjonen vann parlamentsvalet i 1998 og Dzurinda vart statsminister 30. oktober 1998.
Dzurinda starta opp att Slovakia sin integrasjonsprosess med internasjonale organisasjonar, og betra Slovakia sitt forhold til EU og USA, som hadde vore dårleg under Mečiar. I september 2000 vart Slovakia medlem i OECD, og forhandlingane om EU-medlemskap skaut fart. I januar 2000 grunnla Dzurinda eit nytt parti, den Slovakiske Kristne og Demokratiske Unionen (Slovenská demokratická a kresťanská únia - SDKU), som han har leia sidan då. Etter parlamentsvalet i september 2002 kunne Dzurinda halda fram som statsminister, i koalisjon med sitt gamle parti KDH, den Ungarske Koalisjonens Parti og den Nye Borgaralliansen. I november 2002 vart Slovakia invitert til å verta med i NATO, og i desember same år vart forhandlingsprosessen for medlemskap i EU fullført. Slovakia vart med i begge organisasjonane i 2004.[1]
Ved parlamentsvalet 17. juni 2006 vart det sosialdemokratiske partiet størst, og Dzurinda gjekk av som statsminister 4. juli same år.
Mikuláš Dzurinda er gift og har to døtrer. Han snakkar engelsk og fransk. Han er ein ivrig maraton-løpar, med personleg rekord på 2 timar, 54 minutt og 57 sekund, og har fullført både New York maraton og London maraton i si tid som statsminister.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.