From Wikipedia, the free encyclopedia
Michael Joseph Porcaro (29. mai 1955–15. mars 2015) var ein USA-amerikansk bassist, kjend for arbeidet sitt med Toto.[1] Han trekte seg attende i 2007 etter at han fekk diagnosen amyotrofisk lateral sklerose (ALS), som han døydde av i 2015.
Mike Porcaro | |||
Porcaro i Tyskland i 2005 | |||
Fødd | 29. mai 1955 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | South Windsor i Connecticut i USA | ||
Død | 15. mars 2015 (59 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | Michael Joseph Porcaro | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1971–2007 | ||
Sjanger |
| ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | Columbia Records | ||
Verka som | Musikar | ||
Far | Joe Porcaro |
Han var den mellomste broren av Toto-medlemmane Jeff Porcaro og Steve Porcaro. Faren deira var jazz-trommeslagaren og perkusjonisten Joe Porcaro.
Porcaro arbeidde som studiomusikar før han tok over for den originale bassisten i Toto, David Hungate, i 1982, kort tid etter at bandet hadde spelt inn Toto IV. Porcaro spelte cello på eit spor på det albumet og vart fulltidsmedlem av bandet på den påfølgjande turneen. Han vart verande med bandet fram til 2007.
I tillegg til Toto spelte Poracro for ei rekkje andre musikarar, som Michael Franks, Seals and Crofts, Larry Carlton og Boz Scaggs.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.