Micky Waller

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Michael Waller (6. september 194129. april 2008)[1][2] var ein engelsk trommeslagar, som spelte med mange kjende britiske rocke- og bluesartistar etter han vart profesjonell musikar i 1960.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Waller vart fødd i Hammersmith i London.[1] Det første bandet hans, The Flee-Rekkers, fekk ein hit med «Green Jeans» i 1960 då denne nådde 23. plassen på UK Singles Chart.[3] Han slutta kort tid etter og vart medlem av Joe Brown and the Bruvvers.[1]

I juli 1963 vart han med i Cyril Davies R&B All Stars med Cyril Davis og Long John Baldry. Waller slutta då Davies døydde i januar 1964 og Baldry tok over og bandet vart Hoochie Coochie Men. Waller byrja så å spele med Marty Wilde som medlem av The Wildecats.[1] Waller spelte òg på to konsertturnear med Little Richard i Storbritannia.[4]

Etter ein kort periode med Georgie Fame and The Blue Flames, vart han med Brian Auger i The Trinity,[1] og kort tid etter byrja Long John Baldry. I april 1965 vart gruppa utvida med Rod Stewart og Julie Driscoll og utvikla seg til å bli The Steampacket.[1] I 1967 spelte Waller eit par konsertar med John Mayall's Bluesbreakers[1] men vart kort tid seinare erstatta av Keef Hartley.

I august 1967 byrja Waller å spele med Jeff Beck Group, i lag med den tidlegare bandkollegaen Rod Stewart.[4] I 1969 drog Waller til Venice Beach i Los Angeles for å skipe bandet Silver Metre med gitaristen Leigh Stephens frå Blue Cheer, Pete Sears på bass og klaverinstrument og Jack Reynolds som songar. Dei spelte inn eitt album.[5] I 1969 spelte Waller òg på debutalbumet til Rod Stewart, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down,[6] og spelte òg på seinare album av Stewart, inkludert hitsingelen «Maggie May».[1]

I 1971 byrja Waller å spele med bluesbandet til Long John Baldry. Tidleg i 1980-åra var Waller medlem av Terry Smith Blues Band. Waller har òg spelt med The Walker Brothers, Cat Stevens, Eric Clapton, Bo Diddley, Dusty Springfield og Paul McCartney.[4]

Waller døydde av leversvikt[2][4] i London den 29. april 2008, 66 år gammal.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads