From Wikipedia, the free encyclopedia
Micheline Ostermeyer (23. desember 1922–18. oktober 2001) var ein fransk friidrettsutøvar og musikant. Ho tok to gull og eitt sølv i Sommar-OL 1948, og til saman tre medaljar i EM 1946 og EM 1950.
Micheline Ostermeyer | |
| |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 23. desember 1922 Rang-du-Fliers |
Død | 17. oktober 2001 (78 år) Bois-Guillaume |
Idrett | friidrett, korgball |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen |
Ostermeyer voks for det meste opp i Tunisia, den gongen kontrollert av Frankrike. Etter andre verdskrigen deltok ho i friidrettsstemne og vann franske meistertitlar i fleire ulike øvingar, mellom anna i løp, kast og hopp. Ho deltok i 1946 i fleire øvingar ved europameisterskapen i Oslo og tok sølv i kulestøyt.
Under Sommar-OL 1948 i London vann Ostermeyer gullmedaljane i kulestøyt og diskosksting, samt ein bronsemedalje i høgdehopp. Ho hamna likevel litt i skuggen av Fanny Blankers-Koen, den nederlandske kvinna som vann heile fire gullmedaljar på friidrettsbana i dei same leikane.
Ved friidretts-EM 1950 i Brussel tok Ostermeyer bronsemedaljar på 80 meter hekk og i kulestøyt, og la deretter opp som idrettsutøvar.
Ostermeyer konsentrerte seg sidan om musikklivet, og spelte pianokonsertar til opp i høg alder.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.