Stoffskifte eller metabolisme er eit sett av kjemiske reaksjonar som skjer i levande celler. Desse prosessane er grunnlag for alt liv og heilt naudsynte for at celler skal kunne vekse og reprodusere seg, og for anabolisme (oppbygging) og katabolisme (nedbryting). Ein slåande eigenskap ved stoffskiftet er likskapane mellom grunnleggande metabolske vegar og grunnleggande komponentar mellom veldig ulike artar. Desse likskapane kjem truleg av at dei vart utvikla tidleg i evolusjonshistoria.

Med metabolisme kan ein òg meine dei kjemiske reaksjonane som skjer i levande organismar, inkludert fordøyinga og transport av substansar inni og mellom ulike celler. Metabolisme blir normalt delt inn i to kategoriar, katabolisme og anabolisme. Katabolisme bryt ned organisk materiale for å hauste energi i celleandinga. Anabolisme brukar energi til å bygge komponentar til cella, som protein og nukleinsyrer. Dei kjemiske reaksjonane i metabolismen er organiserte i metabolske vegar, der eit kjemikal blir omdanna gjennom ein serie av steg til andre kjemikal ved enzymaktivitet. Enzyma er veldig viktige for metabolismen fordi dei gjer at organismar kan drive ønskelege reaksjonar som krev energi, og som ikkje kan oppstå av seg sjølv, ved å kople desse reaksjonane til spontane reaksjonar som frigjev energi. Når enzym er katalysatorar, kan desse reaksjonane gå raskt og effektivt. Farten på stoffskifte, metabolsk fart, påverkar kor mykje mat ein organisme treng.

Anabolisme

Anabolisme er oppbygging av næringsstoff. Ein nyttar energi til å setja saman komplekse molekyl frå enklare stoff.[1] Organismar med anabolisme vert kalla autotrofe og vert delt inn i dei fotoautotrofe, som får energi frå sollys, og dei kjemoautotrofe, som nyttegjer seg av kjemiske stoff.

Den mest typiske forma for anabolisme er fotosyntesen, som byggjer energirike glukosemolekyl av karbondioksid, vatn og sollys.

Katabolisme

Katabolisme er nedbryting av næringsstoff til energi og bygging av vev. Den mest typiske forma for dette er celleanding, som bryt ned glukosemolekyl til karbondioksid og vatn. Adenosintrifosfat (ATP) er beraren av energi ved at det kan frigjera energi når fosfatgrupper vert spalta av molekylet.[1]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.