Melodi Grand Prix 2011

49. utgåve av NRKs songtevling From Wikipedia, the free encyclopedia

Melodi Grand Prix 2011

Melodi Grand Prix 2011 var den 49. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 12. februar 2011 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «Haba Haba», framført av Stella Mwangi. Ho har skrive låten saman med Big City og Beyond51. Mwangi representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf, der ho blei slått ut i den første semifinalen. Dette var første gong sidan 2007 at Noreg ikkje deltok i ein Eurovision-finale.

Kjappe fakta Melodi Grand Prix 2011, Dato ...
Melodi Grand Prix 2011
Thumb
Dato
Delfinale 115. januar 2011
Delfinale 222. januar 2011
Delfinale 329. januar 2011
Sistesjansen5. februar 2011
Finale12. februar 2011
Vertskap
Delfinale 1Ørland
Delfinale 2Florø
Delfinale 3Skien
SistesjansenSarpsborg
FinaleOslo Spektrum
ProgramleiararAnne Rimmen og Per Sundnes
KringkastarNorsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar21 (8 i finalen)
Vinnar
Song«Haba Haba»
ArtistStella Mwangi
Resultat i Eurovision Song Contest 2011
Semifinalepoeng30
Semifinaleplass17.
FinalepoengIkkje kvalifisert
FinaleplassIkkje kvalifisert
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2010 Melodi Grand Prix 2012
Lukk

Sendingane

Nok ein gong inviterte NRK låtskrivarar til å levere bidrag, og rundt 700 songar kom inn til tevlinga.[1] Redaksjonen med Per Sundnes og Mathias Karlsson i spissen, plukka ut 21 av dei til å delta i Melodi Grand Prix 2011.

Nok ein gong bestod tevlinga av tre delfinalar, Siste sjanse og finalen i Oslo Spektrum. Første delfinale blei halden i Ørland laurdag 15. januar, andre delfinale i Florø laurdag 22. januar og tredje delfinale i Skien laurdag 29. januar. Sju melodiar deltok i kvar delfinale, og dei to med flest røyster kvalifiserte seg direkte til finalen, medan tredje- og fjerdeplass gjekk vidare til Siste sjanse i Sarpsborg laurdag 5. februar. I tillegg gjekk dei to femteplassane med prosentvis flest røyster også vidare til Siste sjanse. Dei åtte sistesjanse-låtane tevla i ein utslagscup, og dei to som stod att, gjekk vidare til finalen. Dermed var det åtte songar i finalen i Oslo Spektrum laurdag 12. februar. Programleiarar for alle sendingane var Per Sundnes og Anne Rimmen.

Blant artistane var dei fleste relativt ukjende for publikum, og mange av dei var henta frå talenttevlingar som Idol, X Factor og NRKs Kjempesjansen.[2] Dei mest kjende deltakarane var Helene Bøksle, popgruppa Babel Fish, Noora Noor, Gatas Parlament og The Blacksheeps som vann MGP junior og MGP Nordic i 2008.

Startrekkjefølgja i finalen blei trekt direkte i tv-programmet Førkveld fire dagar før finalen.[3] Her deltok åtte melodiar og dei fire med flest sjåarrøster gjekk vidare til gullfinalen. Der blei songane framførte på nytt, før sjåarane røysta om att. Fjorårsvinner Didrik Solli-Tangen song «My Heart Is Yours» før røystinga med støtte frå Oslo fagottkor. Stella Mwangi vann finalen og fekk dermed representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Resultatet i finalen

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 12. februar 2011

Thumb
Anne Rimmen, ein av programleiarane, under 3. delfinale i MGP 2011

Første runde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1«Vardlokk»Helene BøksleHelene Bøksle, Sindre Hotvedt og Knut Avenstroup HaugenCecilie LarsenUplassert
2«Alt du vil ha»Sie GubbaMagne Almås og Petter ØienGullfinale
3«Depend on Me»Babel FishHalvor Holter og Tarjei van RavensUplassert
4«Fire Below»The Lucky BulletsKnud KleppeGullfinale
5«Dance Tonight»The BlackSheepsAgnete Kristin Johnsen og Emelie NilsenGullfinale
6«Haba Haba»Stella MwangiBeyond51 og Big CityStella MwangiGullfinale
7«Not That Easy (Ah-Oh-Ah-Oh)»Åste og RikkeRikke NormannUplassert
8«You're Like a Melody»Hanne SørvaagHanne Sørvaag og Martin HansenUplassert
Lukk

Gullfinale

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
2«Alt du vil ha»Sie GubbaMagne Almås og Petter Øien94 8844
4«Fire Below»The Lucky BulletsKnud Kleppe115 7933
5«Dance Tonight»The BlackSheepsAgnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen155 0592
6«Haba Haba»Stella MwangiBeyond51 og Big CityStella Mwangi280 2171
Lukk

Røysting i finalen

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og telefonrøystene. Først blei telefonrøystene frå publikummet i Oslo Spektrum presenterte, deretter kom fagjuryane frå dei tre delfinalestadene og Siste sjanse-byen. Kvar fagjury gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter Oslo Spektrum og fagjuryane blei sjåarane sine telefon- og SMS-røyster presenterte. De var delt i to geografiske regionar ut frå kor i landet dei blei gitt. Nord-Noreg, Vestlandet og Sørlandet blei slått saman til ein region, medan Trøndelag og Austlandet var den andre regionen. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[4]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Oslo Spektrum Ørland Florø Skien Sarpsborg Nord, Vest og Sør Trøndelag og Aust Totalt
2 «Alt du vil ha» 386 4 000 2 000 2 000 2 000 25 906 58 592 94 884
4 «Fire Below» 2 397 2 000 4 000 4 000 6 000 51 976 45 420 115 793
5 «Dance Tonight» 1 602 8 000 8 000 6 000 4 000 50 088 77 369 155 059
6 «Haba Haba» 3 616 6 000 6 000 8 000 8 000 121 388 127 213 280 217
Lukk

Delfinalane

Delfinale 1

Hangar E, Ørland hovudflystasjon, Ørland, laurdag 15. januar 2011

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1«Guns & Boys»Carina DahlCarina Dahl, Nanna Martorell og Hanne Sørvaag6Ute
2«Daisy»Use MeJim André Bergsted4Siste sjanse
3«Vardlokk»Helene BøksleHelene Bøksle, Sindre Hotvedt og Knut Avenstroup HaugenCecilie Larsen2Finale
4«Alt du vil ha»Sie GubbaMagne Almås og Petter Øien3Siste sjanse
5«Jobbe litt mindre og tjene litt mer»Gatas ParlamentAlex MolkomAslak Borgersrud, Elling Borgersrud og Don Martin5Siste sjanse
6«Trenger mer»SichelleChristine Dancke7Ute
7«Not That Easy (Ah-Oh-Ah-Oh)»Åste og RikkeRikke Normann1Finale
Lukk

Delfinale 2

Florø idrettssenter, Florø, laurdag 22. januar 2011

Dette var første gong Florø arrangerte ein delfinale.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1«I'll Be Yours»Pernille og MariusOvi, Johanna Demker og Björn Djupström5Siste sjanse
2«Depend on Me»Babel FishHalvor Holter og Tarjei van Ravens1Finale
3«Hungry for You (Gipsydance)»Marika LejonMarika Lejon7Ute
4«Sand»Isabella LeroyIsabella Leroy6Ute
5«Oh Oh (Puppy Love)»Endre NordvikSamsaya og Jarl Aanestad3Siste sjanse
6«You're Like a Melody»Hanne SørvaagHanne Sørvaag og Martin Hansen2Finale
7«Allergic»Mimi BlixMerethe La Verdi og Kjetil Schei4Siste sjanse
Lukk

Delfinale 3

Skien fritidspark, Skien, laurdag 29. januar 2010

Thumb
The BlackSheeps under 3. delfinale i Skien.

Dette var tredje året på rad Skien arrangerte ein delfinale. Det var også tredje gong at vinnaren av Melodi Grand Prix kom frå denne delfinalen.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1«Nothing Remains»SusperiaTerje Andersen, Christian Hagen, Kenneth Åkesson, Håkon Didriksen og Øyvind MustapartaPål Mathisen4Siste sjanse
2«Gone With the Wind»Noora NoorSimone Larsen, Moh Denebi, Jennifer Brown og Bjørn Djupström5Ute
3«SOS»Girl HappyTor Einar Krogtoft-Jensen og Christoffer Bergersen6Ute
4«Like Dreamers Do»Grethe SvensenGrethe Svensen og Tommy BerreSimon Anthony Walker7Ute
5.«Dance Tonight»The BlackSheepsAgnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen2Finale
6«Haba Haba»Stella MwangiBeyond51 og Big CityStella Mwangi1Finale
7«Fire Below»The Lucky BulletsKnud Kleppe3Siste sjanse
Lukk

Siste sjanse

Sarpsborghallen, Sarpsborg, laurdag 5. februar 2011

Dei to femteplassane med høgast prosentoppslutning frå dei tre delfinalane fekk dei to siste plassane i Siste sjanse. 31. januar offentleggjorde NRK at dei to beste 5. plassane var Gatas Parlament og Pernille og Marius. Samstundes offentleggjorde NRK også kven som skulle duellere mot kvarandre.[5]

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1«Daisy»Use MeJim André BergstedUte
2«I'll Be Yours»Pernille og MariusOvi, Johanna Demker og Björn DjupströmUte
3«Alt du vil ha»Sie GubbaMagne Almås og Petter ØienFinale
4«Allergic»Mimi BlixMerethe La Verdi og Kjetil ScheiUte
5«Jobbe litt mindre og tjene litt mer»Gatas ParlamentAlex MolkomAslak Borgersrud, Elling Borgersrud og Don MartinUte
6«Fire Below»The Lucky BulletsKnud KleppeFinale
7«Oh Oh (Puppy Love)»Endre NordvikSamsaya og Jarl AanestadUte
8«Nothing Remains»SusperiaTerje Andersen, Christian Hagen, Kenneth Åkesson, Håkon Didriksen og Øyvind MustapartaPål MathisenUte
Lukk

Resultatet av Siste sjanse:

Runde 1 Runde 2 Til finalen
                   
         
  Use Me – «Daisy» Vidare
 
  Pernille og Marius – «I'll Be Yours» Ute  
  Use Me – «Daisy» Ute
 
    Sie Gubba – «Alt du vil ha» Vinnar  
  Sie Gubba – «Alt du vil ha» Vidare
 
  Mimi Blix – «Allergic» Ute  
  Sie Gubba – «Alt du vil ha»
 
    The Lucky Bullets – «Fire Below»
  Gatas Parlament – «Jobbe litt mindre, og tjene litt mer» Ute
 
  The Lucky Bullets – «Fire Below» Vidare  
  The Lucky Bullets – «Fire Below» Vinnar
 
    Susperia – «Nothing Remains» Ute  
  Susperia – «Nothing Remains» Vidare
  Endre Nordvik – «Oh, Oh (Puppy Love)» Ute  

Hendingar

Den klare vinnaren av Melodi Grand Prix blei norsk-kenyanske Stella Mwangi med «Haba Haba». Tittelen er swahili og tydar «steg for steg», i tillegg har songen klare element av afrikanske rytmar og melodiar. Det afrikanske lydbiletet i songen fekk fleire til å reagere, og nokre meinte det var feil at ein afrikanskfødd artist med ein afrikansk-inspirert låt skulle representere Noreg i Eurovision Song Contest. Mest merksemd skapte varaordførar i Aure, Rita Ormbostad, som la ut følgjande kommentar på Facebook rett etter finalen: «Gi mæ sama, isbjørna å moskusa! Æ syns d e d vi ska sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!! Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf».[6] Ormbostad orsaka kommentaren kort tid etter.[7] Også i Tyskland blei den norske vinnarlåten møtt med overrasking. Tysklands svar på Per Sundnes, Stefan Raab, kalla låten for «bongo-bongo-musikk». Oppstyret sparka i gang ein viss rasismedebatt i Noreg, men Stella Mwangi sjølv ønskte ikkje å kommentere rasismedebatten då ho var gjest på Skavlan helga etter finalen.[8][9][10][11]

«Haba Haba» blei uansett ein stor hit i Noreg, og vinnarlåten låg 13 veker på VG-lista, med fire strake veker på førsteplass.[12] Målt opp mot VG-lista er dette ein av dei mest suksessrike Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene.

Finalen blei sett av 1 295 000 sjåarar, medan delfinalane samla høvesvis 1 074 000, 1 050 000 og 947 000 sjåarar. Siste sjanse hadde 875 000 sjåarar i første del, og 677 000 i andre del.[13][14]

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.