From Wikipedia, the free encyclopedia
Mei eller fleirtal meiar (frå norrønt meiðr) er parallelle lister som utgjer den nedre delen av ein kjelke, slede, spark eller liknande som er meint å gli mot eit underlag av is eller snø. Det kan også visa til skjener som ein gyngestol, gyngehest eller vogge gyngar på.[1]
Framenden til meiane på eit framkomstmiddel svingar opp for å gjera det lettare å køyra framover. Meiar på ein spark er som regel laga av metall, ofte stål, medan dei på sleder og kjelker kan vera av tre med metallbeslag.
Funksjonen til meianes funksjon er å gje eit kraftig trykk på ei lita kontaktflate slik at noko av isen eller snøen smeltar og dannar ei tynn flytande vasshinne som kraftig minskar friksjonen mot underlaget. Dermed glir meiane lett. Skeiser er laga etter same prinsipp.
Meier på gyngestol, gyngehest eller vogge er bogeforma med oppsving i begge endar, slik at ein kan gynga fram og tilbake på same stad.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.