From Wikipedia, the free encyclopedia
«Maybe I'm Amazed» er ein song skriven av Paul McCartney som først vart gjeven ut i 1970 på albumet hans McCartney. McCartney dediserte songen til kona si, Linda, som hjelpte han kome seg gjennom oppløysinga av The Beatles.
Maybe I'm Amazed Song av Paul McCartney frå albumet McCartney | ||
Utgjeve | 17. april 1970 | |
Innspelt | 22. februar 1970 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:49 | |
Selskap | Apple | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Paul McCartney | |
Sjølv om den originale innspelinga aldri kom ut på singel, vart eit konsertopptak av det seinare bandet til McCartney, Wings, frå konsertalbumet Wings over America gjeven ut på singel. Denne versjonen vart ein hit i USA, der han nådde Topp 10, og nådde 28. plassen i Storbritannia.[1][2]
I 2011 rangerte Rolling Stone «Maybe I'm Amazed» på 347. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
McCartney skreiv songen i 1969, like før Beatles vart oppløyst. Han dediserte songen til kona Linda som hjelpte han gjennom den vanskelege tida.[4] Sjølv om det meste av debutalbumet hans vart spelt inn i heimen hans i London, spelte McCartney inn «Maybe I'm Amazed» i EMI sitt Studio 2 i Abbey Road, same dagen som han spelte inn «Every Night».[5] Han spelte alle instrumenta sjølv: gitar, bass, piano, orgel og trommer. Sjølv om McCartney avslo å gje ut songen på singel i 1970, vart han mykje spelt på radio verda over.[5] Det vart laga ein musikkvideo med stillbilete av McCartney, kona Linda, stedottera Heather og dottera Mary,[5] som først vart send i Storbritannia den 19. april 1970 og som ein del av ein episode på CBS Television sitt The Ed Sullivan Show.[6]
Den originale studioversjonen av songen vert tona ut i staden for å bli avslutta, men McCartney skreiv seinare ei avslutning for konsertversjonar av songen. McCartney framførte denne først med Wings i Châteauvallon i Frankrike den 9. juli 1972.[7]
Det vert rekna som ein av dei beste kjærleikssongane til McCartney og vart rangert på 347. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[3]
Maybe I'm Amazed Singel av Wings frå albumet Wings over America | ||
B-side |
«Soily» | |
---|---|---|
Utgjeve | 4. februar 1977 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:11 | |
Selskap | Capitol | |
Tekstforfattar | Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney | |
Wings-kronologi | ||
«Let 'Em In» (1976) |
Maybe I'm Amazed | «Mull of Kintyre» (1977)
|
Eit konsertopptak frå 1976 på albumet Wings over America kom ut på singel med bandet til McCartney, Wings[4] den 4. februar 1977 og nådde 10. plassen i USA på Billboardlista,[8] og 28. plassen i Storbritannia.[9] Det finst òg andre konsertopptak på albuma Back in the U.S. og Back in the World.
Side A
Side B
Vekeslister
|
Årslister
|
McCartney-versjonen
Wings Over America-versjonen
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.