From Wikipedia, the free encyclopedia
Matamata-Piako District er eit distrikt (Terrotorial Authority) i regionen Waikato på New Zealand. Det ligg aust for byen Hamilton.
Matamata-Piako District | ||
Namn | Matamata-Piako | |
Folketal | 30 483[1] | |
Flatevidd | 1 754,02 km² | |
Utbreiing | Te Aroha til Tirau;
Cambridge til Kaimai Ranges |
Distriktet omfattar den sørlege delen av Hauraki Plains og mykje av Thames Valley, og grensar i aust til Kaimai Ranges. Elvene Piako og Waihou renn gjennom distriktet.
Byane Matamata, Morrinsville og Te Aroha ligg alle i distriktet, og distriktsstyret har sete i Matamata. Dei viktigaste næringsvegane er mjølkeproduksjon og oppdrett og trening av fullblodshestar.
Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 30 483, av desse budde 6 606 i Morrinsville, 6 309 i Matamata og 3 768 i Te Aroha[1].
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.