From Wikipedia, the free encyclopedia
Masu'ot Yitzhak (hebraisk skrift מְשּׂוּאוֹת יִצְחָק, tyder 'Yitzhaksvardane') er ein moshav shitufi sør i Israel. Han ligg nær Ashkelon i Shafir regionale kommune. Han var opphavleg ein kibbutz i Gush Etzion som vart øydelagd og avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.[1] Ein ny busetnad vart grunnlagd i 1949 på den noverande staden. I 2007 hadde Masu'ot Yitzhak eit folketal på 604.
Masu'ot Yitzhak | |||
מְשּׂוּאוֹת יִצְחָק, Mesu'ot Yitzhak | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Shafir | ||
Koordinatar | 31°42′11.87″N 34°41′22.2″E | ||
Folketal | 705 (2015) | ||
Grunnlagd | 1945 (i Gush Etzion)
1949 (noverande) | ||
• Grunnlagd av | mellomeuropeiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
Masu'ot Yitzhak 31.703297222222°N 34.6895°E | |||
Kart som viser Masu'ot Yitzhak.
| |||
Wikimedia Commons: Masuot Yitzchak | |||
Kibbutzen Masu'ot Yitzhak vart grunnlagd i 1945 i Gush Etzion, halvvegs mellom Jerusalem og Hebron. Nybyggjarane var unge pionerar frå Ungarn, Tsjekkoslovakia og Tyskland som hadde kome her før andre verdskrigen. Kibbutzen vart kalla opp etter sjefsrabbien i Palestina, Yitzhak HaLevi Herzog.[2]
Nybyggjarane i Masu'ot Yitzhak tok utfordringa med å leve i Judeafjella, bygde heimar og planta frukthagar. I 1948 vart Gush Etzion erobra av den arabiske legionen. Innbyggjarane i Kfar Etzion vart massakrerte, og alle dei andre innbyggjarane i Gush Etzion, inkludert dei i Masu'ot Yitzhak, vart tekne til fange og sende til Jordan.[1]
Etter dei kom attende frå fangenskapen i 1949, grunnla pionerane i Masu'ot Yitzhak ein ny moshav med same namn nær Shafir, ein region busett av filistrane i bibelsk tid. Profeten Mika talte om Shafir (Mika 1:11). Shafir hadde vore base for den sørlege fronten til det israelske forsvaret under sjølvstendekrigen til Israel. Moshaven var tilknytt Hapoel Hamizrachi. I følgje Walid Khalidi, vart han grunnlagd på land som høyrte til den palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Gharbiyya.[3]
Tzahali, eit militært førebuande opplegg for religiøse jenter, er basert i Masu'ot Yitzhak.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.