From Wikipedia, the free encyclopedia
Mary Louise Barratt Due (9. april 1888–24. desember 1969) var ein norsk pianist og pedagog. Saman med mannen Henrik Adam Due stifta ho Barratt Due musikkinstitutt i 1927.
Mary Barratt Due | |
Mary Barratt Due omkring 1930. Foto: Ernest Rude, Byhistorisk samling, Oslo Museum. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. april 1888 Bergen |
Død |
24. desember 1969 (81 år) |
Yrke | pianist, kvinnesaksforkjemper |
Far | Thomas Ball Barratt |
Mor | Laura Barratt |
Ektefelle | Henrik Adam Due |
Due var fødd i Bergen som dotter av predikanten Thomas Ball Barratt og Laura Jacobsen. Familien flytta til Kristiania året etter at ho vart fødd.[1]
Due byrja tidleg å spela klaver. Som tiåring fekk ho dispensasjon frå aldersgrensa på tolv år og byrja på Musikkonservatoriet i Oslo.[1] Fire år seinare drog ho til Roma og studerte ved Santa Cecilia-akademiet, der ho tok diplomeksamen i 1907. I 1906 debuterte ho i Kristiania.
Ho hadde ei omfattande konsertverksemd. Yndlingskomponistane var Franz Liszt og Frédéric Chopin. Ho var òg open for den nye impresjonistiske stilen, og var blant dei første i Noreg til å setja Claude Debussy på programmet.
I 1916 gifta ho seg med Henrik Due, og i 1927 starta dei musikkinstituttet, som var banebrytande innan musikkpedagogikken. Ho heldt fram konsertverksemda, ofte med samtidsmusikk på programmet, samstundes som ho studerte musikkundervising, blant anna i USA.
Saman med komponisten Eyvind Alnæs gav ho ut boka Norsk pianoskole i 1931.[2]
Frå 1948 var ho president i den europeiske soroptimistrørsla.
Due var mor til musikarane Stephan Henrik Barratt-Due og Esther Barratt-Due.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.