From Wikipedia, the free encyclopedia
Mary Baker Eddy (16. juli 1821–3. desember 1910) var ein amerikansk forfattar som grunnla Christian Science-rørsla.
Mary Baker Eddy | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 16. juli 1821 Bow |
Død |
3. desember 1910 (89 år) |
Yrke | skribent, forfattar, teolog |
Språk | engelsk |
Mor | Abigail Ambrose Baker |
Mary Baker Eddy på Commons |
Eddy var fødd som Mary Morse Baker på ein gard i Bow i New Hampshire. Ho var plaga av sjukdom heile livet, og fekk blant anna mesmerismebehandling. Etter kvart tok ho avstand frå denne og andre handsamingar og utvikla sin eigen teori i hovudverket Science and Health (1875) om at lækjing av sjukdom utelukkande fann stad gjennom ånd og tru. «Mennesket er bevissthet og ånd, mens materien og det kroppslige, som sykdom, alder og død, er illusjon.» Ho såg på teoriane sine som ein ny vitskap.[1]
Hovudverket Videnskap og helse : med nøkkel til skriften (Science and Health) er utgjeve på norsk i fleire utgåver, sist i 1994. Eit utdrag er utgjeve i antologien New Age, 2007.
Eddy døydde i Chestnut Hill i Massachusetts. I 1995 vart ho innvotert i Kvinnenes æresgalleri i USA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.