From Wikipedia, the free encyclopedia
Martin Heidegger (12. september 1889–26. mai 1976) var ein tysk filosof som blei fødd i Meßkirch og døydde Freiburg.[1] Han reknast som ein av dei viktigaste og mest originale tenkjarane på 1900-talet,[2] blant anna gjennom den sterke påverknaden han hadde på Jean-Paul Sartre og utviklinga av eksistensialismen.
Martin Heidegger | |||
| |||
Fødd | 26. september 1889 Meßkirch | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mai 1976 Freiburg im Breisgau | ||
Nasjonalitet | Weimarrepublikken, Det tyske riket, Vest-Tyskland | ||
Område | filosofi | ||
Yrke | filosof, lyrikar, universitetslærar, møbeldesigner | ||
Institusjonar | Philipps-Universität Marburg Albert-Ludwigs-Universität Albert-Ludwigs-Universität | ||
Alma mater | Albert-Ludwigs-Universität Albert-Ludwigs-Universität | ||
Doktorgradsrettleiar | Heinrich Rickert | ||
Ektefelle | Elfride Heidegger | ||
Barn | Hermann Heidegger | ||
Medlem | Heidelberger Akademie der Wissenschaften Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Heidegger var inspirert av Edmund Husserl, og utvikla sin eigen variant av fenomenologi med utgangspunkt i spørsmålet «Kva vil det seie å vere». Etter Heidegger si meining blir verbet «å vere» brukt på ein innforstått måte som det ikkje er grunnlag for. Han meiner òg at filosofien har gløymt sine opphavlege problemstillingar sidan Aristoteles, Platon, Sokrates og førsokratane. Heidegger set seg derfor føre å utleggje premissane for å stille spørsmålet om tilværet på nytt i Sein und Zeit frå 1927. Han argumenterer for at tilværet må undersøkjast gjennom noko som er, og for at det mest nærliggjande verande å undersøkje, er det som er til stades i verda og stiller spørsmålet. Han kallar det Dasein, noko som grovt sett svarer til mennesket sjølv.
Verket har blitt utlagt som ein antropologi av til dømes Guttorm Fløistad i Heidegger. En innføring i hans filosofi (Pax 1968). Fløistad peikar der på at han ikkje oppfattar det som at Sein und Zeit er meint som ein antropologi i utgangspunktet, men at verket likevel kan tolkast sånn.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.