Maroúsi
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maroúsi (gresk skrift Μαρούσι, katharevousa Αμαρούσιον, Amarousion) er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til periferieininga Nord-Aten i periferien Attikí.[2]
Maroúsi Lokalt namn Μαρούσι | |
---|---|
Kyrkja Ájos Kosmás i Maroúsi | |
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 38°03′N 23°48′E |
Areal | 13,09 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Nord-Aten |
Hovudsete | Maroúsi (71 830 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 71 830 (2021[1]) |
Folketettleik | 5168 /km² |
I Maroúsi ligg det største sportskomplekset i Hellas. TV-stasjonen ANT1 ligg òg her, i tillegg til hovudkontora til greske underavdelingar av multinasjonale selskap som Kodak, Bayer, Kimberly-Clark, Siemens og Nestlé.
I antikken vart byen kalla Athmonon, og var ein av ti atenske underbyar. Det låg eit tempel her der gudinna Amarysia Artemis vart dyrka. Det moderne namnet på byen er kalla opp etter henne. I Maroúsi ligg òg den største skogen i Aten, Dásos Syngroú. Resten av området er bustad- og kontorbygningar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.