From Wikipedia, the free encyclopedia
59°2′50.154″N 16°4′7.9608″E Marmorbyn er ein svensk tettstad i Vingåkers kommun i Södermanlands län i Södermanland. Som det går fram av namnet, har det vore utvinning av marmor på denne staden. Marmorbyn ligg mellom Katrineholm og Vingåker, og hadde hadde 389 innbyggjarar i år 2005.
Munkar frå Julita (Säby) cisterciensarkloster hadde på 1100-1200-talet henta marmor frå dette området for å brenne marmoren til kalk som skulle nytast som betring av jorda for dyrking. Det var fyrst frå 1860 at marmoren vart brote ut for å nyttast som byggjestein. På 1900-talet vart steinen foredla til fasadekledning på bygningar, til trapper og golv, og dessutan til mortarar.
Frå 1937, etter at verksemda Gropptorps Marmor AB tok til å byggje bustader for deira 120 tilsette på denne staden, byrja den noverande Marmorbyn å take form.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.