Marko Lomić
serbisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Marko Lomić (fødd 13. september 1983 Čačak i Serbia) er ein serbisk fotballspelar som spelar i forsvar for Dinamo Moskva i den russiske fotballigaen. Han har òg landskampar for Serbia.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Marko Lomić | ||
Fødd | 13. september 1983 | ||
Fødestad | Čačak i Jugoslavia | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Venstreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Dinamo Moskva) | ||
Nummer | 32 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-02 2002 2002-05 2005-07 2007-09 2009-10 2010- |
Borac Čačak Litex Lovetsj (lån) Železnik Partizan Koblenz Partizan Dinamo Moskva |
16 (9) 0 (0) 72 (0) 50 (3) 53 (0) 25 (3) 11 (0) | |
Landslag | |||
2010- | Serbia | 2 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. november 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 4. august 2010 |
Lomić begynte karrieren sin hjå Borac Čačak i heimbyen. I 2002 gjekk han til Litex Lovetsj i Bulgaria, men vende heim etter eit halvt år utan å ha spelt nokon seriekampar. Han vart cupmeister i Serbia med Železnik i 2005. Før 2005/06-sesongen planla han ein overgang til den rumenske klubben FCU Politehnica Timişoara, men kort før kontrakten skulle underskrivast, fekk han eit tilbod frå den serbiske toppklubben FK Partizan i Beograd.
Med Partizan spelte han mellom anna i meisterligakvalifisering i 2005/06-sesongen og i UEFA-cupen i 2006/07, men fekk ingen seriemeisterskap med Partizan. I 2007 gjekk han til den tyske andredivisjonsklubben TuS Koblenz, der han spelte til august 2009. Han var då ikkje med i framtidsplanane til trenaren, og vende attende til Partizan. Der spelte han 2009/10-sesongen, før han gjekk til Dinamo Moskva i Russland våren 2010.
Lomić debuterte for Serbia sitt A-landslag 7. april 2010 i ein kamp mot Japan, men kom ikkje med i Serbia sin tropp til fotball-VM i 2010.
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 6. desember 2010.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.