From Wikipedia, the free encyclopedia
Marisko (Cypripedium calceolus) er ein plante i mariskoslekta Cypripedium i orkidéfamilien (marihandfamilien Orchidaceae) som veks i heile Norden.[2][3] Han er relativt sjeldan i dag, og har i lang tid vore freda i heile Noreg,[4] då den er avhengig av gamalskog for å vekse, og av di den vert mykje plukka. På Norsk raudliste for artar 2021 vart planten oppgradert frå nær truga til sårbar (VU).
Marisko | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Cypripedium | ||
Art: | C. calceolus | ||
Vitskapleg namn | |||
Cypripedium calceolus | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Eurasia | ||
Den særprega utsjånaden har gjeve blomen fleire lokale namn i Noreg: Jomfru Maria gullsko (Etnedal, Lavangen), tøffel (Arendal), Olavsbolle (Fyresdal), Hellig Olavs tøffel (Troms), Marias bolle (Røyken) og bjønnsko (Hattfjord).
Ein marisko får som oftast ein eller to blomar, som blir rekna av fleire til å vere dei venaste viltveksande blomane i Noreg. Dei blir som regel 30-50 cm høge, og står i grupper på, frå nokon få til fleire titals individ.
Eit særdrag med marisko er den tøffelforma, hóle leppa (hjå denne arten lysgul og fast, med ein voksliknande konsistens). Denne leppa er, når blomen blømer, særs framtung, og gjer sånn at blomen bøyer seg. Framom dei raudflekka blada, finst den opningen som leier inn til leppa si hóle, som er fylt med nektar. Eit insekt som kryp ned denne vegen, passerer over ein stor, tungeliknande staminodier, som då vert dekt av pollen om insektet har med pollen utanfrå. I botnen av «tøffelen» finn insektet korte, saftfylte hår, som det et på. Men forma på tøffelen hindrar insektet å koma opp til munningen att, der det kom inn, og før eller seinare oppdagar det fanga insektet to små opningar ved festepunktet til tøffelen. Berre småinsekt kan trenge seg ut av dei tronge opningane, og større insekt vert innestengde og døyr inne i leppa. Dei to fertile knappane sit i vegen ved kvar av dei to utgangane, og når insekt trengjer seg ut, blir dei difor dekt av pollen. Leppa til blomen er altså ei felle som er meint til å halde på insekta ei tid, så dei kan bli pollinerte.
Ein finn marisko i eit band frå Europa aust gjennom Asia til Stillehavet. Marisko veks spreidd og sjeldant i lauv- eller furuskog på kalkhaldig jord i Norden. I Bøverdalen veks planten opp til 1150 moh.
I Noreg finn ein marisko i alle fylka med unnatak av Rogaland, Sogn og Fjordane og Agder. I dei andre fylka er det berre nokre få funnstader.[5][6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn guckusko),[7] i Danmark (VU, dansk namn fruesko)[8] og i Finland (NT, finsk namn tikankontti).[9]
I England finst marisko berre i Yorkshire. Planten var tidlegare utbreidd i heile Nord-England, særleg i kalkhaldige delane av Yorkshire Dales.[10] Ved slutten av 1900-talet kjende ein berre til éin einsleg plante i ein av dalane.[11] Tilbakegangen til planten i Storbritannia blir forklart med sanking til hagar og botanikksamlingar, men kan også koma av skogrydding i vekstområdet følgd av sauebeiting.[12] Ein driv i dag med reintroduksjon av planten i Yorkshire Dales, og talet har auka til fleire hundre.[11][13] Marisko (engelsk namn lady's slipper orchid) er verna gjennom den britiske Handlingsplanen for biodiversitet.[14] I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR),[15] likeeins lokalt for England.[16]
I Estland (estisk namn kaunis kuldking) veks marisko spreidd over det meste av landet. Han er rekna som nær truga (NT).[17] I Latvia (latvisk namn dzeltenā dzegužkurpīte)[18] finst arten òg spreidd over det meste av landet, men er i tilbakegang. På den latviske raudlista er han klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas).[19] I Litauen (litauisk namn plačialapė klumpaitė) veks arten over det meste av landet utanom heilt i sørvest. Han er noko i tilbakegang og er rekna som sårbar (VU).[20][21]
I Benelux er finst arten (fransk namn céphalanthère à feuilles étroites) ikkje i Nederland eller i Flandern, og han er rekna som regionalt utdøydd (RE, éteint) i Vallonia.[22] I Luxembourg er han òg rekna som regionalt utdøydd (RE).[23]
Snåase/Snåsa kommune har marisko på våpenskjoldet,[24] medan marisko var fylkesblome for Nord-Trøndelag.[25]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.