Maridalsvannet
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maridalsvannet er den største innsjøen i Oslo kommune, plassert i Maridalen, mellom Nordmarka og Lillomarka. Innsjøen har eit areal på 3,83 km² og ligg 149 moh. Maridalsvannet er ein del av Nordmarksvassdraget, og tømmer vatnet mot sør, til Akerselva.
Maridalsvannet | |||
innsjø | |||
Foto: Grzegorz Wysocki | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Høgd over havet | 149 moh. | ||
Areal | 3,83 km² | ||
Kystlengd1 | 11,19 km | ||
Koordinatar | 59°59′4″N 10°46′42″E | ||
Maridalsvannet 59.98444444°N 10.77833333°E | |||
Wikimedia Commons: Maridalsvannet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Vatnet er den viktigaste drikkevasskjelda i Oslo og dekker ca. 80 % av vassforbruket i Oslo. Vatnet vert reinsa i Oset vannrenseanlegg like ved.
Ein av dei største elvane inn til Maridalsvannet kjem frå Skjærsjøen i vest, der noko av vatnet passerer gjennom Hammeren kraftstasjon, det eldste vasskraftverk i landet som framleis er i dagleg drift.
Den 17. oktober 2007 vart det gjeve ei offisiell åtvaring mot å drikke vatnet som kom frå Maridalsvannet sidan det var oppdaga giardiaparasittar i drikkevatnet på tre ulike stader i Storo-området. Drikkevatnet kom frå Maridalsvannet, gjennom Oset vannrenseanlegg.[1] 21. oktober vart drikkevatnet i Oslo friskmeldt.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.