From Wikipedia, the free encyclopedia
Mariakyrkja | |||
kyrkje | |||
Minnelund nær den gamle kyrkjestaden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Våler i Innlandet | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Sokn | Våler | ||
Periode | Mellomalderen | ||
Døypefont | Av kleberstein, frå 1100-talet | ||
Altartavle | Johannes Skraastad (1686) | ||
Mariakyrkja i Våler 60.66042°N 11.83048°E | |||
Wikimedia Commons: Mariakirken (Våler) | |||
Mariakyrkja var hovudkyrkja i Våler i Innlandet før ho vart avløyst av ei ny kyrkje i 1806. Det dreier seg om ei trekyrkje, og ut frå generell kunnskap og skildringar frå 1600- og 1700-talet trur ein at det var ei stavkyrkje.
Ifølgje lokal tradisjon[1] vart det oppført ei kyrkje like etter at Olav den heilage kristna Solør i 1022.[2] Vala kirkia er omtala i jordeboka til biskop Eystein i samband med år 1300[3] og 1400.[4] Jens Nilssøn omtalar i 1597 Våler som anneks til Hof, men visiterer ikkje kyrkja i Våler. I 1848 blir Våler overført til det nyutskilte Åsnes prestegjeld før Våler blir eige prestegjeld (og eigen kommune) i 1853.[5]
Frå 1600-talet av finst skildringar av kyrkja. I 1686 vert ho omtala som skrøpeleg. Våpenhuset har blåse ned, og «svillene behøves at sammenbindes i alle kirkens fire hjørner.»[6] Ut frå ei skildring frå 1739 er det tydeleg at kyrkja då har vorte utvida til krosskyrkje og fått våpenhus samt eit enkelt tårn med spir. Det skal dreie seg om ei blanding av lafta og stavbygde delar, og det som har kome til, er kan hende ei blanding av gamalt og nytt. Vegger og galleribrystningar (eller delar av dei) har truleg blitt rosemåla.[6] Mot slutten av 1700-talet er kyrkja igjen for lita, og i 1786 er ho skildra som skrøpeleg.[7] Dessutan var staden der kyrkja stod, utsett for flaum. Det er nærliggjande å tru at Storofsen i 1789 gjekk sterkt ut over kyrkja, og den gamle kyrkjetomta skal etter flyttinga ha blitt vaska bort av Glomma.[8]
I 1804 vart det gjeve løyve til å oppføre ei ny kyrkje ein kilometer lengre nord. Nær den gamle kyrkjestaden hever Lisbettangen seg over resten av landskapet som eit lågt platå. Oppe på platået er eit minnesmerke over Mariakyrkja, den såkalla Olavspila, som viser til ei skildring i soga om Olav den heilage der kong Olav skjøt ei pil for å avgjere kvar kyrkja skulle byggjast. Minnesmerket er teikna av Rolf Arne Lie Holter og vart avduka 31. august 1997.[9] På staden er òg ein flaumstein der vasstanden frå Vesleofsen i 1995 er markert, og ved sida av er ei informasjonstavle om kyrkja som har stått på staden.[10] Ei øy sørvest for kyrkjestaden vert kalla Kirkeholmen.
Noko av det sentrale inventaret i krosskyrkja frå 1806 var overført frå Mariakyrkja. Det gjeld til dømes altartavla og døypefonten, som båe vart redda ut av den brennande kyrkja i 2009.[11]
Ein trur at altartavla[12] vart skoren av Johannes Skraastad, truleg rundt 1686.[13] Tavla er påført årstalet 1697, som ein meiner viser til stafferinga. Tavla har eit krossfestingstablå i hovedetasjen og over dette ein medaljong med eit Getsemane-motiv og dessutan ei rekkje figurar. Tavla er restaurert[14] og heng på ein sidevegg i Våler nye kyrkje.[15]
Ein trur at døypefonten av kleberstein[16] er frå siste halvdel av 1100-talet.[17] Fonten er i romansk stil og har flettverksmønster og akantusrankar.
Ein altarkalk med disk i gotisk stil skal ha blitt skjenkt til kyrkja på 1200-talet. Sjølve kalken vart fornya i 1717.[17] Eit dørbeslag frå 1200-talet var montert på sørportalen i kyrkja som brann.[17] I Oldsaksamlinga finn ein den såkalla Olavsspenninga, som ifølgje ei segn skal ha sete i hestebibisselet til Olav, og som ein trur har vore brukt som dørring i mellomalderen.[17] Frå Mariakyrkja stammer òg ei kiste datert 1690,[18] og ei dragekiste i Gjesåsen skal vere laga av rivingsmaterialar frå Mariakyrkja.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.