From Wikipedia, the free encyclopedia
Maria Teresa Agnesi Piottini (7. oktober 1720–19. januar 1795) var ein italiensk komponist og musikar under klassisismen. Agnesi Piottini var ein av dei første kvinnelege komponistane av italiensk opera. Ho var fødd i Milano og var ei yngre syster av den vidkjende matematikaren og polyglotten Maria Gaetana Agnesi.
Maria Teresa Agnesi Pinottini | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1720 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Milano | ||
Død | 19. januar 1795 (74 år) | ||
Dødsstad | Milano | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | cembalo | ||
Verka som | cembalist, komponist, salongvertinne, pianist, operasongar |
Maria Teresa (døypt Teresa Maria Gaetana) var dotter av Pietro Agnesi og Anna Fortunata Brivio, som tilhøyrde lågadelen. Familien var velståande. Faren hadde i alt tre koner og 21 born.
Maria Teresa lærte song og å spela cembalo. Ho studerte mellom anna under Carlo Zuccari. Som tenåring underheldt ho besøkande med musikalske framføringar, medan Maria Gaetana heldt diskursar på latin. Ho spelte særleg verk av Jean-Philippe Rameau på cembalo.
Maria Teresa Agnesi gifta seg med Pier Antonio Pinottini 13. juni 1752. I løpet av dei neste tjue åra skreiv ho ei rekkje verk. Ekteparet møtte Leopold og Wolfgang Amadeus Mozart i 1770, då far og son besøkte Milano.
I dei seinare åra kjenner ein ingen fleire verk av Agnesi Pinottini. Ho fekk prengeproblem og måtte få økonomisk hjelp av ei syster. Pier Antonio døydde i 1792 og Maria Teresa i 1795. Paret hadde ingen born.
I 1747 hadde Agnesi premiere på Il ristoro d'Arcadia ved Teatro Regio Ducal i Milano. Ciro in Armenia frå 1753 er rekna som hennar viktigaste verk. Agnesi-Pinottini komponerte i alt sju operaer, tre av dei hadde ho også skrive libretto for. Mange av komposisjonane hennar er tapte, og berre kjende frå omtale. Ho skreiv mellom anna ei samling ariar for keisarinne Maria Teresia av Austerrike, som støtta henne økonomisk. Den samtidige komponisten Maria Antonia Walpurgis var også ein viktig støttespelar.
Maria Teresa Agnesi Pinottini er avbilda i operahuset La Scala i Milano. Musikken hennar er sjeldan framført i dag, men i Mozart-året 2006 hadde Ulisse in Campania si første oppsetjing ved Schönbrunn-teateret i Wien. Han blei seinare også oppført ved Teatro Quirino i Roma. Det finst også nokre moderne innspelingar av dei gjenverande verka til Agnesi Pinottini.
Dramatiske verk (for opera):
Andre (klavar, små ensemble, song)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.