norsk-svensk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Maria Bonnevie (fødd 26. september 1973) er ein norsk-svensk skodespelar. Ho har arbeidd med teater og film.
Maria Bonnevie | |||
Maria Bonnevie | |||
Fødd | 26. september 1973 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Västerås i Sverige | ||
Fødenamn | Anna Maria Cecilia Bonnevie | ||
Aktive år | 1991– | ||
Verka som | Skodespelar | ||
Mor | Jannik Bonnevie | ||
Far | Per Waldvik | ||
Ektefelle | Mikael Persbrandt (1998-2003) | ||
Sambuar | Fredrik Skavlan (frå 2006) | ||
Prisar | Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Amandaprisen for beste kvinnelige birolle, Gullruten for beste skodespelar |
Anna Maria Cecilia Bonnevie vart fødd i Västerås som dotter av skodespelarane Jannik Bonnevie og Per Waldvik. Bonnevie er utdanna ved Stockholm Scenskola (1997) og fekk si første teaterrolle i Den vite vikingen av Hrafn Gunnlaugson. I 1997 debuterte ho på den svenske teaterscenen Dramaten, i stykket Yvonne av Ingmar Bergman.
På filmlerretet debuterte Bonnevie i Kvitebjørn kong Valemon (1991) der Ola Solum hadde regi. Gjennombrotet hennar kom i Jerusalem (1997) regissert av Bille August, og seinare har ho mellom anna vore med i Insomnia (1997), Øyenstikker (2001) og Syndare i Sommersol (2001). For filmen Jeg er Dina (2002) mottok ho utmerking for beste utanlandske kvinnelege skodespelar ved filmfestivalen i Montreal.
I 2009 spelte Bonnevie den britiskfødte dronning Maud av Noreg i den norske TV-miniserien Harry & Charles. For rolla fekk ho Gullruten 2010.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.