Malmøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.
Malmøya er ei drygt 600 dekar stor øy som ligg i Bunnefjorden (aust i Oslofjorden), om lag 8 km sør for Oslo sentrum og rett vest av Ulvøya i Oslo kommune.
Malmøya dyrefredingsområde (VV00000727) utgjer eit 573 da stort område på øya og vart freda 2. november 1979. Tanken var i første rekke å verne fuglelivet på øya, som har stor verdi som raste-, beite- og hekkeområde for sjøfuglar.[1]
I tillegg til dyrefredingsområdet på Malmøya er det av geologiske årsaker freda sju naturminner i det same området. Alle vart freda samstundes med dyrefredningsområdet. Dette er:
Malmøya og dei andre øyane i Oslofjorden høyrer til Oslofeltet med avsettingsbergartar frå kambrosilurtiden. I tillegg finst det vulkanske lavaar og intrusivar frå permtida. I dei sedimentære bergartane finst fossil av armføtingar, trilobitter, korallar, blekksprutar og graptolittar.
I permtida pressa vulkansk lava seg opp gjennom dei eldre bergartane i jordskorpa. Rombeporfyr og basalt er smeltemassar som har strøymd ut på overflata, medan granitt er smeltemasse som størkna lenger nede i jordskorpa. Striper i overflaten på svaberg er orientert nordvest-søraust og er danna av isen sine rørsler i slutten av siste istid for noko meir enn 10 000 år siden.