Magnus II Haraldsson (1048–28. april 1069) var konge av Noreg frå 1066 til 1069. Det meste av tida var han samkonge med broren Olav Kyrre. Magnus Haraldsson blei først teken med i den norske kongerekkja i moderne tid, ettersom han hadde eit svært kort styre.
- For sonen til Harald Gille, sjå Magnus Haraldsson (1135).
Magnus II | |||
Konge av Noreg | |||
Regjeringstid | 1066–1069 | ||
---|---|---|---|
Fullt namn | Magnus Haraldsson | ||
Fødd | 1048 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Død | 28. april 1069 | ||
Dødsstad | Trondheim | ||
Gravstad | Nidarosdomen | ||
Dynasti | Hardrådeætta | ||
Far | Harald III av Noreg | ||
Mor | Tora Torbergsdotter | ||
Born | Håkon Magnusson Toresfostre |
Magnus Haraldsson var den eldste sonen til Harald Hardråde. Han blei innsett som konge då faren drog på englandstokt med den andre sonen sin, Olav Kyrre. Etter at Harald Hardråde fall ved Stamford bru kom Olav Kyrre tilbake til Noreg i 1067 og blei samkonge med Magnus. Dei verker som dei to delte kongsansvaret mellom seg på vennskapleg vis.
Magnus døydde berre 20 eller 21 år gammal, og broren fortsette ved makta. Sogene seier dødsårsaken var ringorm, men seinare syn er at han døydde av meldrøyeforgifting.
Håkon Toresfostre var sonen til Magnus. Han blei truleg fødd same året som faren døydde. Håkon blei seinare samkonge med syskenbarnet Magnus Berrføtt, men også han døydde ung.
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.