Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Chérif Macky Sall (fødd 11. desember 1961) er ein senegalesisk politikar som var president i Senegal frå 2. april 2012 til 2. april 2024.[1]
Macky Sall | |||
| |||
Fødd | 11. desember 1961 (63 år) Fatick | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Senegal | ||
Parti | Parti démocratique sénégalais (ca. 1985–2008), Alliance Pour la République (2008– ) | ||
Yrke | politikar, ingeniør | ||
Utdanna ved | Université Cheikh-Anta-Diop IFP School | ||
Ektefelle | Marieme Faye Sall | ||
Alle verv |
Macky Sall vart fødd i byen Fatick sentralt i Senegal. Han er utdanna ingeniør ved universitet i Dakar, og Det franske petroleumsinstituttet (Institut Français du Pétrole). Sall var tidleg politisk aktiv, og støtta Abdoulaye Wade og det liberale partiet hans, Parti Démocratique Sénégalais (Det senegalesiske demokratiske partiet, PDS), ved vala i 1983 og 1988. Utover 1990-talet steig han i gradene i partiet, og var ein avgjerande bidragsytar ved valet i 2000.[2] Sall vart etter kvart minister for gruver, energi og hydraulikk frå mai 2001 til august 2003, og innanriksminister frå august 2003 til april 2004.[3] Han har òg vore ordførar i Fatick 2002–2008 og 2009–2012.
Den 21. april 2004 erstatta han Idrissa Seck som statsminister. Denne stillinga hadde han til 19. juni 2007. Etter parlamentsvalet same år tok han over som president i parlamentet. Han fall seinare i unåde hjå president Wade, etter å ha ynskt å etterforska sonen til presidenten, Karim Wade, for misbruk av offentlege middel. Sall trakk seg seinare frå PDS, og skipa eit nytt parti Alliance Pour la République (Alliansen for republikken).[2]
Macky Sall siglde opp som den viktigaste opposisjonskandidaten i 2012-valet. I strid med grunnloven stilte Abdoulaye Wade til ein tredje valperiode. Etter ein svært valdeleg valkamp ende både Wade og Sall til topps i fyrste valrunde. Likevel, sidan ingen av kandidatane fekk fleirtal måtte det avgjerast i ein ytterlegare valrunde. Resten av opposisjonskandidatane støtta Macky Sall, som vann med 65,8 prosent av røystene.[2]
Presidentperioden til Sall har vore prega av institusjonelle reformer, tiltak for å auka økonomisk vekst, og antikorrupsjon. Fyrste del av den overordna strategien til Sall, «Plan Sénégal Emergant», byrja i 2014, med fokus på blant anna infrastruktur, landbruk og turisme. I folkerøystinga i mars 2016 vart 15 endringar av grunnloven vedteke. Den viktigaste var å redusera embetsperioden til presidenten frå sju til fem år. Sall hadde lova å gjera dette i sin fyrste periode, men etter at det senegalesiske grunnlovsrådet meinte dette ville vera i strid med grunnloven, gjeld reduksjonen berre frå presidentperioden som byrjar i 2019. I parlamentsvalet i juli 2017 fekk Macky Sall og hans koalisjon 125 av 165 mandat i parlamentet. Valet var prega av usikkerheit, eit rekordstort felt med 47 vallister, og administrative problem.[2]
Avgjerda til Sall om å ikkje redusera fyrste valperiode til fem år har vorte møtt med mykje misnøye, sidan dette var hans viktigaste valløfte. Ei anna sterkt kritisert reform er opprettinga av det rådgjevande organet Haut Conseil pour les Collectivités Territoriales. Den nye institusjonen skal bistå styresmaktene i desentraliseringsspørsmål. Dette har vorte sett på som kostbart og ikkje minst ein mogleik for Sall å kompensera politiske allierte med godt betalte posisjonar, spesielt sidan presidenten vel 70 av 150 medlemer. Antikorrupsjonstiltak har ført til pågripingar, blant anna av Karim Wade og ordføraren i Dakar, Khalifa Sall. Dette vert av mange sett på som eit våpen for å kvitta seg med politiske rivalar.[2]
I februar 2024, same månad som presidentvalet skulle føregå, valde Sall å utsetja valet med fleire månader. Dette forårsaka sterke protestar.[4] Sall modererte seg veker seinare og indikerte at presidentvalet skulle henda i april 2024.[5][6] Valet enda med at opposisjonsleiaren Bassirou Diomaye Faye vann.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.