From Wikipedia, the free encyclopedia
L. Macks Ølbryggeri med plasseringa si på Tromsøya det nordlegaste bryggeriet i verda.[treng kjelde] Mack tok i mai 2011 til å bygge ny fabrikk i Nordkjosbotn[1], og vil flytte produksjonen dit. Bryggeriet vart grunnlagt i 1877 av Ludwig Markus Mack. Korrekt namn er AS L. Macks ølbryggeri og mineralvannsfabrikk. Då det stod ferdig i 1877 hadde det kosta 72 000 kroner.[2]
Macks Ølbryggeri har i Tromsø ein eigen pub i bryggeriet som bli kalla for Ølhallen. Det er den eldste puben i Tromsø.[treng kjelde] Mack var det første bryggeri i Noreg som lanserte eit sesongøl utanom juleøl. Den 10. desember 2000 starta Nordkapp Mikrobryggeri i Honningsvåg produksjon av eige øl, dette var fram til 1. oktober 2009 det nordlegaste bryggeriet, men vart då nedlagt.
Selskapet blir leida av administrerande direktør Harald Bredrup. Eigarselskapet i konsernet er Ludwig Mack as som er morselskap i Mack Ølbryggeri as og Mack Eiendom as. Ein stor del av aksjane er eigd av Ludwig Macks etterkommarar. Selskapet omsette for 524 millionar kroner inkludert avgifter i 2006[3]. Selskapet har ca. 130 tilsette. Etter eit større underskott i 2002, måtte Mack-konsernet selje ut fiskerirelatert verksemd frå dotterselskapet Mackzymal og vart igjen eit reint bryggeri, med ein stor eigedomsmasse[4]. I mars 2008 offentleggjorde selskapet planar om å flytte produksjonen til Nordkjosbotn i Balsfjord kommune, etter over 130 års drift i Tromsø sentrum.
Emballasjeløysninga for Mack SMRPRTY vart tildelt Merket for God Design fra Norsk designråd i 2004. Oppfølgjaren, XMASPRTY, vart lansert i 2006.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.