From Wikipedia, the free encyclopedia
Gertrude Pridgett Rainey, betre kjend som Ma Rainey (26. april 1886–22. desember 1939), var ein amerikansk songar som blir rekna som ei av dei første profesjonelle bluessongarane og tilhøyrde den første generasjonen som spelte inn slik musikk.[1] Ma Rainey er blitt kalla «mora til bluesen» og er kjend for innspelingar av songar som «Bo-weevil Blues» (1923), «Moonshine Blues» (1923), «See See Rider Blues» (1924), «Black Bottom» (1927) og «Soon This Morning» (1927).[2]
Ma Rainey | |||
| |||
Fødd | 26. april 1886 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Columbus i Georgia i USA | ||
Død | 22. desember 1939 (53 år) | ||
Dødsstad | Rome i Georgia i USA | ||
Fødenamn | Gertrude Pridgett | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1899–1939 | ||
Sjanger | Blues | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues, The Rabbit's Foot Company, Bessie Smith | ||
Plateselskap | Paramount Records | ||
Verka som | gateartist, songar, låtskrivar | ||
Prisar | Georgia Women of Achievement, Rock and Roll Hall of Fame |
Ma Rainey byrja å opptre som ung tenåring. Ho fekk artistnamnet sitt etter å ha gifta seg med Will Rainey i 1904. Dei turnerte først med Rabbit Foot Minstrels og seinare som si eiga gruppe kjend som «Rainey and Rainey, Assassinators of the Blues».
Ho gjorde sitt første lydopptak i 1923, og i løpet av dei neste fem åra gjorde ho over hundre innspelingar. Ho gjorde opptak med Louis Armstrong, og turnerte og gjorde innspelingar med Georgia Jazz Band. Rainey fortsette å turnera fram til 1935, då ho trekte seg tilbake og vende attende til heimbyen sin.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.