ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane From Wikipedia, the free encyclopedia
Losnedal eller Losnedalen er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 63 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Losnedal matrikkelnummer 2.[3]
Losnedal | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Solund | ||
Postnummer | 6926 KRAKHELLA[1] | ||
Gardnummer | 63[2] | ||
Losnedal ligg i ein ca. to kilometer lang trong dal som går nordover frå sørkysten av Losna. Det er to bruk på garden, Nedre Losnedalen ligg nær sjøen, medan Øvre Losnedalen ligg 600-700 meter oppe i dalen.[3]
Losnedal har truleg vore busett sidan langt attende i tid, det syner jordfunna som er gjorde. I 1942 vart det funne to flintdolkar på bruk ein, og i 1843 fann ein ein bronsegjenstand i ei tuft på same bruket. I matrikkelen frå 1667 var skulda til garden ½ laup smør og skatten i pengar 1¼ riksdalar. Det var ti naut på garden og utsåd var to tønner havre medan avlinga var sju tønner. Det var då to brukarar på garden. I 1723 var det berre ein brukar og matrikkelskulda var auka med fire merker smør frå 1 pund 18 merker smør. Utsåd var 1½ tønne havre og avling var sju tønner og ei skjeppe. Av buskap var det ein hest, ni naut og åtte sauer og geiter.[3][4]
Losnedal fekk elektrisk straum innlagt i 1958.[3] Garden har ikkje vegsamband. Bruka er nedlagde, bruk ein har vore det sidan 1981 og bruk to sidan 1983.[3]
Frå først var namnet truleg berre «Dalen».[3] I 1667 vart namnet skrive «Dallen», i 1723 «Losnedal».[5]
Statens kartverk har godkjend skrivemåtane «Øvre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, øvre» (1986), og «Nedre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, nedre» (1986).[6]
Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn vert det skrive «Losnedal».
Gardsnamet er ikkje kjend frå andre stader i landet.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.