britisk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia
George Gordon Byron (22. januar 1788–19. april 1824), kjend som Lord Byron, var ein engelsk forfattar under romantikken. Han var den sjette baron Byron.
George Gordon Byron | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 22. januar 1788 City of Westminster |
Død |
19. april 1824 (36 år) |
Yrke | lyrikar, songtekstforfattar, politikar, skodespelforfattar, sjølvbiograf, omsetjar, militær, dagbokskrivar, skribent, librettist, aristokrat, philhellene |
Sjanger | forteljande lyrikk, gotisk litteratur |
Medlem av | Royal Society, Royal Society of Literature |
Far | John Byron |
Mor | Catherine Gordon Byron |
Ektefelle | Anna Isabel Milbanke, Claire Clairmont |
Born | Ada Byron Lovelace, Elizabeth Medora Leigh, Allegra Byron |
George Gordon Byron på Commons |
Byron var fødd i London. Han var son av John «Mad Jack» Byron og den skotske arvingen Catherine Gordon av Gight. Faren hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap, Augusta. Faren forlét familien etter å ha brukt opp formuen til kona si; han døydde i Frankrike i 1791. Catherine og sonen busette seg i Aberdeen i 1790 der dei levde på det vesle ho endå hadde. Byron voks opp med ei ustabil mor og ei guvernante, May Gray, som mishandla han fysisk og, i følgje hint frå Byron sjølv, seksuelt.
Som tiåring arva George barontittelen og landeigedommen Newstead Abbey i Nottinghamshire i England. Denne eigedommen blei det meste leigd ut til andre medan han var ung. I august 1799 byrja Byron ved skulen til aberdeenaren William Glennie i Dulwich i London. Han gjekk også ved Aberdeen Grammar School. Frå 1801 til 1805 var han elev ved den ekslusive privatskulen Harrow. Han studerte ved Trinity College i Cambridge. Frå 1809 til 1811 drog han på ein Grand Tour, ei danningsreise i Europa. På grunn av Napoleonskrigane blei mesteparten av reisa lagt til middelhavslanda.
I ungdomstida hadde Byron fleire kjenslesterke tilhøve til gutar og jenter. Tilhøvet til den gifte Lady Caroline Lamb blei ein offentleg skandale. Seinare gjorde han kur til søster hennar, Anne Isabella Milbanke, og overtalte henne til å gifta seg med han i 1815. Dei fekk ei dotter, Augusta Ada (Lovelace), men ekteskapet var ikkje lukkeleg. I 1816 forlét Byron England etter ei skandaleomtala skilsmisse, og vendte sidan aldri tilbake.
Han besøkte Ali Pasha og skreiv om han i Childe Harolds pilegrimsferd. Han deltok i den greske sjøvstendekrigen i 1823, og døydde året etter av malaria i Mesolóngi. Han skreiv på sitt hovudverk, den store samfunnssatiren Don Juan i åra 1819-1824, men rakk ikkje å fullføre det.
Originaltekst av George Gordon Byron ved Wikisource. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.