Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lofotfisket er det viktigaste sesongfisket etter torsk i Noreg. Fisket i Lofoten tek til i januar og varer til ut i april. I denne perioden søker etter skrei, vandrande atlanterhavstorsk, inn til kysten for å gyta. Lofotfiske har hatt stor tyding for landsdelen sidan norrøn tid, og har også vore viktig for matforsyning og økonomi i heile landet. Fram til 1940 var lofotfisket hovudinntektskjelde for fleritalet av fiskarane i Nord-Noreg. Desse fiskarane kombinerte som regel fisket med handverk, jordbruk og anna arbeid. I 1933 deltok ca. 32 000 menn i lofotfisket, i 1958 var talet gått ned til 12 000 og i 1990 deltok berre rundt 2 000 fiskere. Lofotfisket er underlagt lov av 1955 om saltvannsfiskeriene.
Gytefelta til skrei strekkjer seg frå Lopphavet til Trøndelag, men dei viktigaste fiskefelta ligg på nordsida av Vestfjorden, frå Lødingen til Røst. Skrei viser til Gytande torsk som samlar seg i store massar om vinteren og våren på kystbankane og i visse fjordar på strekninga mellom Haugesund og Sørøya i Finnmark. I dag bruker ein fiskereiskapar som line, garn, handsnøre og enkelte stader snurrevad.
Lofotfisket er ikkje ufarleg, og mange fiskarar kom ikkje heim igjen frå Lofothavet. I tida då ein brukte nordlandsbåt var det særleg mange forlis og omkomne.[1] Den 11. februar 1849 skal det ha døydd rundt 500 mann i Lofoten (tallt er usikkert), noko som truleg var den største tragedien på Lofothavet. Berre i Buksnes kommune omkom 24 mann, og det blei 17 enkjer i kommunen.
Ein av dei store ulukkesdagane var 25. januar 1893. Då omkom 119 mann under overfarten til Lofoten. Fleire ulukker følgde, særleg for enkjer og barn. Heima blei oppløyste og barna blei sett bort til framande.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.