Loen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Loen | |||
stad | |||
Loen ved Lobukta Foto: Carlos Delgado | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Loen 61.8708°N 6.8507°E | |||
Wikimedia Commons: Loen, Stryn | |||
Loen er ei bygd ved Lobukta inst i Nordfjord, i Stryn kommune i Vestland fylke. Den største arbeidsplassen i bygda er familien Grov sine to hotell Alexandra og Loenfjord. Kjøttforedlingsverksemda Nordfjord Kjøtt ligg også i Loen og verksemda har kring 400 tilsette. [1]
Saman med jordbruk, er reiseliv og turisme viktige næringar i Loen og Lodalen, og her finst ei rekkje overnattings- og serveringsverksemder i turistsesongen.[2]
Loen og Lodalen er kjend for høge fjell og naturopplevingar. Mellom anna er fjella Skåla og Hoven med gondolbana Loen skylift, mykje besøkt. Nunataken Lodalskåpa er høgste fjellet på Jostedalsbreen. [2]
Inste delen av Lodalen og Lovatnet mot Kjenndal, er historisk sett prega av dei dramatiske Lodalsulukkene, som ramma bygdene Bødal og Nesdal i 1905 og 1936. Såret etter rasa er framleis godt synleg i Ramnefjellet. Den delen av Lovatnet som ligg under fjellet vart fylt opp av steinmassene som skapte flodbølgjene. Eit minnesmerke som står ved Lodalsvegen og ein minnesti på Nesodden, fortel meir om historia til dalen.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.