From Wikipedia, the free encyclopedia
Livlege er ein personleg lege for ein høgtståande person, til dømes ein politikar, konge, president eller pave. Livlegen står ansvarleg for helsa til pasienten sin og må vera tilgjengelege døgnet rundt.
Ordet «livlege» er ei omsetjing av tysk Leibarzt, der «liv» har tydinga «person» (samanlikn livvakt - Leibwache og livrett - Leibgericht).[1] I eldre tid kalla ein livlege ofte arkiatar, av gresk, ἀρχιατρός, «førstelege». Det finst òg livkirurgar.
Livlegar er kjent frå antikken og opp gjennom mellomalderen. I Danmark kom dei første frå midten av 1400-talet. Livlegen til den danske kongen var gjerne innkalla frå utlandet. På grunn av stillinga si i nærleiken til fyrsten kom livlegen ofte til å spela ei viktig rolle òg politisk. Eit døme frå historia til Danmark-Noreg er Struensee.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.