From Wikipedia, the free encyclopedia
Lismore (skotsk-gælisk Lios Mòr) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland som er delvis gælisk-talande. Ho er ei frodig, lågtliggande øy som ein gong var eit stort senter for keltisk kristendom med eit kloster grunnlagt av St. Moluag og sete for biskopen av Argyll.
Lismore Lokalt namn ⓘ | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56.52°N 5.5°W |
Øygruppe | Indre Hebridane |
Areal | 23,51 km² |
Høgaste punkt | Barr Mòr (127 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute |
Største busetnad | Achnacroish |
Demografi | |
Folketal | 146 (2001) |
Folketettleik | 6,2 /km² |
Lismore ligg i Loch Linnhe, nordaust for Mull i Argyll and Bute. Nesten heile øya består av dalradisk kalkstein,[1] og har eit rikt jordsmonn med mykje tre og kratt.[2]
Øya har to båtsamband til fastlandet, ei bilferje til Oban og ei passasjerferje frå nordenden av øya til Port Appin. Lismore fyr, bygt av Robert Stevenson, ligg på den vesle øya Eilean Musdile i sørvest.
Lismore har vorte kraftig avfolka sidan 1800-talet, som mange av øyane i Hebridane. I 1845 budde her 1430 innbyggjarar, og i 1971 berre 180.[3] I 2001 var det 146 innbyggjarar, og 45 % av desse var over 60 år gamle. Dette gjer ho til den skotske øya med høgast gjennomsnittleg alder.[4]
Jordbruk har alltid vore viktig med dyrking av bygg og havre på 1700- og 1800-talet. I dag vert det drive kveg- og sauehald.[1]
Tidlegare vart det brytt mykje kalkstein, særleg på vestksyten.[2]
St. Moluag (gammalirsk Mo-Luóc) (d. 592) grunnla eit kloster på Lismore. Øya vart eit viktig senter for keltisk kristendom og sete for bispedøme Argyll i mellomalderen. I dag kan det verke merkeleg at ei så isolert øy var eit slikt senter, men på denne tida var sjøvegen den raskaste vegen og Lismore låg midt i leia. Av katedralen på øya står berre koret att. Sidan reformasjonen har koret vorte nytta som ein del av soknekyrkja i Lismore.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.