From Wikipedia, the free encyclopedia
Letitia Alma Vriesde (fødd 5. oktober 1964) er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Paramaribo i Surinam. Ho spesialiserte seg på 800 meter og vann sølv på distansen under verdsmeisterskapen 1995 og bronse i VM 2001.
Letitia Vriesde | |
Statsborgarskap | Surinam |
Fødd | 5. oktober 1964 (60 år) Coronie |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Vriesde slo seg inn i verdseliten på 800 meter då ho enda på femteplassen under verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo, tett på 27 år gammal. Løpstida 1.58,28 var landsrekord, ein rekord ho forbetra til 1.57,96 ved eit stemne i Hengelo i Nederland 28. juni 1992. Ved verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg sprang Vriesde sitt livs beste 800 meter. I finalen kom ho i mål på 1.56,68, søramerikarekord også i 2020, og vann sølvmedaljen. Cubas Ana Fidelia Quirot vann klart, medan Kelly Holmes frå Storbritannia tok bronsen. Etter ein fjerdeplass på 800 m i VM 1997, lukkast ikkje Vriesde å ta seg til finalen i korkje VM 1999 eller OL 2000. Derimot imponert ho stort med di ho vann bronsemedaljen i Edmonton-VM 2001, nærare 37 år gammal. Med årsbeste på 1.57,35 fylgde ho like bak gullvinnar Maria Mutola og sølvmedaljør Stephanie Graf.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.