From Wikipedia, the free encyclopedia
Leksvik er ein tettstad i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke. Busetnaden i tettstaden ligg spreitt langs fjorden mellom elvane Innerelva og Ytterelva, og er særleg konsentrert omkring strandområda Kroa og Rønningen. Leksvik var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Leksvik og har 1 113 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Leksvik | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Indre Fosen | ||
Areal | 1,42 km² | ||
Folketal | 1 113 (2023) | ||
Folketettleik | 784 / km² | ||
Postnummer | 7121 LEKSVIK | ||
Innbyggjarnamn | leksværing | ||
Leksvik 63.6727°N 10.6232°E | |||
Wikimedia Commons: Leksvik | |||
Sentrum ligg like ved fylkesveg 755 vest for Krobrua. Her er det gamle kommunehuset, handelssenter, diverse småbutikkar og andre servicetilbod. På det gamle kommunehuset finst NAV, bibliotek og kyrkjelydkontor. Lensmannskontoret, Bank og Post i butikk ligg i nærområdet. Vest for Rønningen er Hammerberget kai og ei småbåthamn.
Leksvik kyrkje ligg ved Røstad, om lag 0,5 km nord for tettstaden.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.