From Wikipedia, the free encyclopedia
Leikanger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Leikong i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod opphavleg på Sjøholt i Ørskog, der ho hadde stått frå 1807, og vart flytt til Leikong i 1872. Den seinare eidsvollsmannen Elling Olsson Valbø stod bak kyrkja frå Ørskog. J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser kyrkjebygget då det stod på Sjøholt, men Dreiers fantasifulle teikning framstiller bygget som ei krosskyrkje. Siste gudstenesta på Sjøholt vart halde 7. april 1872. Deretter vart kyrkja plukka ned og frakta med båt til Leikong. Ørskog fekk 750 specidalar for bygget. Før året var omme var kyrkja reist på dei ny tuftene på Leikong, 26. januar 1873 vart kyrkja på Leikogn vigsla. Bygget var først tekt med spon, nokre år seinare kom det skifter fordi spona ikkje held.[1] Tårnet var først sett opp over våpenhuset, men vart flytta tilbake til sin opphavlege plass midt på taket ved restaureringa i 1960. Frå Sjøholt kom ei inngangsdør og preikestolen frå 1642 med. Preikestolen er dekorert med utskjeringar. Altartavlen er ved Bergen Museum, men i 1948 fekk Leikong ein kopi som er sett opp i kyrkja.
Leikanger | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Søre Sunnmøre | ||
Sokn | Leikanger | ||
Fellesråd | Herøy | ||
Type | Åttekantkyrkje | ||
Arkitekt | Elling Olsson Valbø | ||
Teknikk | laft | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1873 (opphavleg 1807) | ||
• Endringar | 1960 | ||
Takryttar | Midt over skipet | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Frå 1642 | ||
Altartavle | Av Arne Kinsarvik 1948 (kopi etter original som er i Bergen museum) | ||
Sitjeplassar | 380 | ||
Leikanger kyrkje i Herøy 62.2492°N 5.7817°E | |||
Wikimedia Commons: Leikanger kirke, Herøy | |||
Kyrkja har 380 sitjeplassar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.