britisk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lee Michael Dixon (fødd 17. mars 1964) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Manchester. Han var høgreback i Arsenal FC sitt sterke forsvar gjennom 1990-åra. Dixon var med må vinne den engelske liagen fire gongar, FA-cupen tre gongar, ligacupen 1993 og cupvinnarcupen 1994. Han spelte 22 landskampar for England.
Lee Dixon | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. mars 1964 (60 år) Manchester |
Idrett | fotball |
Dixon vart overført frå Stoke City til Arsenal FC i januar 1988. Fram til våren 2002 spelte han 458 kampar for London-laget, skåra 25 mål. Han sanka ni trofe med Arsenal, og fekk elles fleire topplaseringar i nasjonal fotball. Saman med mellom andre lagkaptein Tony Adams var han del av den sterkaste forsvarsfiraren i engelsk fotball i delar av 1990-åra.
Dixon fekk sin landslagdebut 25. april 1990. Han skåra sitt einaste landslagsmål då England i 1991 spelte uavgjort 1-1 mot Irland i ein EM-kvalifiseringskamp. 1992/93 tok han del i begge VM-kvalifiseringskampane mot Noreg. Oppgjeret i London enda 1-1, i Oslo tapte England 0-2. Etter 1993 deltok han i ein einaste landskamp, ein vennskapskamp mot Frankrike 10. februar 1999. Dixon var ikkje med i noko engelsk meisterskapstropp.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.