slavist From Wikipedia, the free encyclopedia
Laura Alexis Janda[1] (fødd 23. november 1957) er ein norsk språkforskar som er professor i russisk ved UiT Noregs arktiske universitet. Produksjonen hennar som lingvist omfattar talrike bøker, tidsskriftartiklar og føredrag, primært om slavisk, men også om samiske språk.
Ho er master i slavisk lingvistikk frå UCLA i 1980 og Ph.D. i same emne frå 1994. Ho har også studert ved Princeton University, der ho gjekk ut i 1979.[2]
Som slavist har Janda konsentrert seg om russisk og tsjekkisk, men også publisert komparative studier over morfologi og fonologi for særleg andre sørslaviske språk. Teoretisk har ho konsentrert seg om sentrale tema i slavisk lingvistikk, særleg grenseområdet mellom morfologi og semantikk, verbprefiks og tempusmorfologi, og aspektualitet. Den teoretiske innfallsvinkelen har vore kognitiv grammatikk, samtidig ofte med eit empirisk fundament inspirert av Harald Baayen sin innfallsvinkel til morfologi. Ho har også arbeidd med andre morfologiske tema, t.d. med kasus (jf. Janda og Clancy 2002, 2006). Janda har skrive boka om tsjekkisk i Lincom Europa sin serie av grammatiske handbøker.
Janda har vore tilsett ved russiskavdelinga ved Institutt for språk og litteratur ved UiT sidan 2008, og har halde fram arbeidet sitt med slavisk lingvistikk. I tillegg har ho også arbeidd med nordsamisk, både med adposisjonar og possessive suffiks.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.