Lars Bohinen
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lars Roar Bohinen (fødd 8. september 1969 i Vadsø) er ein norsk fotballtrenar og -spelar har vore. Bohinen deltok åra 1989-99 i 49 landskampar for Noreg og skåra 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994. Bohinen var vekselvis midtbane- og vengspelar.
Remove ads
Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.
Remove ads
Bohinen fekk sin landslagsdebut som innbyttar 25. oktober 1989 i ein bortekamp mot Kuwait. Han vert særleg hugsa for skåringa som sikra Noreg sigeren 2-0 over England i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 2. juni 1993. Under VM i fotball 1994 i USA tok Bohinen del i alle Noregs tre kampar, i den siste var han innbyttar. I 1995 valde han å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot franske prøvesprengingane i Stillehavet. Etter 1996 fekk Bohinen berre 2 landskampar, og han fekk ikkje plass i troppa til VM i fotball 1998. Avskjeden med landslaget kom som innbyttar 27. mars 1999 i Aten, ein kamp som enda med norsk siger 2-0.
Remove ads
- Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Blackburn Rovers
Klubbkampar
* Berre seriekampar.
Bohinen har vore trenar for ei rad fotballag, sjeldan utan suksess. Han er fetter til Sigurd Rushfeldt.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lars Bohinen» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
