From Wikipedia, the free encyclopedia
Laksevåg er ein tidlegare norsk kommune i Hordaland fylke. Frå 1972 er Laksevåg ein bydel i Bergen kommune. Kommunenamnet vart òg skrive "Laxevaag". Damsgård, Gravdal, Nygårdsviken, Alvøen, Godvik, Håkonshella, Oldernes, Skålevik og Loddefjord er døme på stadnamn i Laksevåg. Mange av desse namna er gardsnamn med røter attende til mellomalderen.
Laksevåg vart i 1918 skilt ut frå Askøy kommune. Den nye kommunen fekk ein dårleg økonomi, og i 1921 vart Gyldenpris ført over til Bergen. Truleg vart overføringa gjort i von om ei seinare full samanslåing. Etter at økonomiske nedgangstider på 1930-talet ramma nøkkelføretak som Bergen Mekaniske Verksted (BMV) og Valseverket, måtte kommunen i 1934 be om gjeldsforhandlinger. Under andre verdskrigen 1940-45 bygde tyskarane opp store anlegg i kommunen, mellom anna ubåtbunkeren Bruno. Etter krigen tok økonomien seg opp, og opninga av Puddefjordsbrua i 1956 tydde betre kommunikasjonar særleg inn mot Bergen. Ei storstilt bustadutbygging fylgde. Bergen kommune ynskte etter kvart ei samanslåing. Samanslåinga vart gjennomført i 1972. Den gamle kommunen hadde då 24 672 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Laksevåg kommune frå 1920 til 1972:
Laksevågposten er lokalavis for Laksevåg bydel. Elles har Bergens Tidende ymse nyhende frå Laksevåg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.