From Wikipedia, the free encyclopedia
L’incoronazione di Poppea ('Kroninga av Poppea') SV 308 er ein opera med prolog og tre akter med musikk av Claudio Monteverdi og libretto av Giovanni Francesco Busenello. Uroppføringa fann stad i Teatro Santi Giovanni e Paolo i Venezia under karnevalsesongen 1642/43.[1]
Kroninga av Poppea fekk avgjerande tyding for den vidare utviklinga til operasjangeren og blir rekna som eit av dei mest innovative verka til Monteverdi.
Dette var den første operaen som tok utgangspunkt i historiske personar i staden for mytologiske tema. Den historiske Nero er sentral i handlinga. I prologen diskuterer dei tre allegoriske figurane Virtù (dygd), Fortuna (hell og lukke) og Amor (kjærleik) kven som er den sterkaste. Amor avsluttar disputten ved å lova at han skal visa at kjærleiken herskar over alle andre.
Handlinga går føre seg i det antikke Roma rundt år 62. Ottone vender attende frå felttog, berre for å oppdaga at soldatane til keisar Nerone vaktar villaen til kjærasten hans Poppea, og han innser at keisaren har lagt beslag på ho til trass for at ho ein gong lova han truskap. Kjærleikssongen til Ottone går over til ein klagesong: «Å, å, trulause Poppea!»[n 1] Han trekkjer seg krenka tilbake. Soldatane syng om sinnet sitt over Nerone i sarkastiske ordelag, men blir avbrotne av at dei to elskande viser seg. I ein øm avskjedsscene lovar Nerone å visa bort kona si Ottavia til fordel for Poppea, som blir åleine igjen og uttrykkjer voner for framtida. Berre pleiaren Arnalta uttrykker uro.
Ottavia er rasande over krenkinga, men pleiaren Nutrice veit råd: Ottavia må ta seg ein elskar for å hemna ekteskapsbrotet. Keisarinna avviser henne opprørt. Heller ikkje filosofen Seneca, som rår ho til å vera standhaftig, kan roa henne. Pasjen Valletto støttar henne og spottar Seneca, samstundes som han i klåre ordelag erklærer at all filosofisk klokskap i røyndomen er svindel. Likevel ber Ottavia om at Seneca må tala hennar sak i Senatet og blant folket. Etter at Seneca er blitt åleine gjer han seg tankar om herskarane. Gudinna Pallade åtvarar han om at livet hans er i fare. Nerone fortel Seneca at han vil støyta Ottavia frå seg og gifta seg med Poppea. Seneca sine formaningar finn ikkje gehør hjå den rasande Nerone.
Poppea fryktar innverknaden til Seneca og lyg til Nerone om at Seneca skryt av å vera den eigenlege maktfaktoren bak trona. Keisaren blir så opprørt at han gjev vaktene instruks om å gje Seneca ordre om å ta livet av seg.
Ottone er fortvilt over at Poppea avviser han og fryktar å bli bakvaska sjølv, så han vurderer å drepa henne. Drusilla, den tidlegare elskerinna hans, trøystar han, og då han innser at han aldri vil få tilbake Poppea, ber han Drusilla om å ekta han. Ho aksepterer lykkeleg. Men Ottone har ikkje gitt opp Poppea heilt, han innrømmer for seg sjølv at «Drusilla er på leppene mine, og Poppea i hjartet mitt».[n 2]
Seneca lovprisar det fredelege livet sitt på landet då Liberto kjem med ordren frå Nerone. I full overeinsstemmeing med dei stoiske dygdene aksepterer filosofen skjebnen sin. Han samlar elevane sine rundt seg og opnar pulsårene sine.
Med Seneca rydda av vegen, feirar Nerone og venen hans, hoffdiktaren Lucano, ein utsvevande orgie. Keisar byrjar på ein hymne til Poppea sin venleik og sjarm, noko som får han i ein ekstatisk tilstand.
Ottone er forferda over mordplanane sine; han er jo eigenleg håplaust forelska i den vakre Poppea. Men Ottavia gjev han ordre om å kle seg i kvinneklede og gjennomføra udåden, elles vil ho forråda han overfor Nerone. Deretter gjev ho seg hen til si eiga hemnlyst. Ottone lovar å gjera som ho seier, men for seg sjølv ber han gudane om å få døy. Drusilla jublar over å ha vunne Ottone tilbake. Han overtalar henne til å låna han kleda sina.
Arnalta syng ein hyrdesong for Poppea. Ottone dukkar opp i kvinneklede for å drepa den sovande Poppea. Men Amor stig ned frå himmelen og hindrar gjennomføringa av udåden. Ottone flyktar. Arnalta, som trur det var Drusilla, får i stand ei jakt på henne. Amor syng triumferande «Eg verna ho!»[n 3]
Den uvitande Drusilla blir tatt og forstår at mordplanene gjekk i vasken. For å beskytta Ottone tar ho på seg all skyld, men avslører at det er Ottavia som står bak. Nerone dømmer henne til ein smertefull død, men Ottone styrtar inn og fortel sanninga: at Drusilla er uskyldig og at han har handla på ordre frå keisarinne Ottavia. Nerone anerkjenner motet til Drusilla, endrar dødsdommen og landsforviser i staden Ottone. Drusilla vel å bli med han i eksil. Nerone landsforviser også Ottavia, og kan dermed ta Poppea til kone. Poppea er frå seg av glede. «Verken utsetjingar eller ubehag kan skilja oss meir».[n 4]
Ottavia klager over skjebnen sin medan Poppea blir krona til ny keisarinne. Amore og mora Venere ser på seremonien saman med eit kor av erotar. Nerone og Poppea avslutter operaen med å synge ein av dei best kjende kjærleiksduettane i operahistoria: Eg ser deg, eg eig deg.[n 5]
Det er att to avskrifter av det opphavlege partituret, ei i Venezia og ei i Napoli, men ingen av dei er i samsvar med urteksten. Verket er det første som ikkje er skrive for eit fyrstehoff, men laga for å oppførast for det breie publikum i eit offentleg hus, Teatro Santi Giovanni e Paolo i Venezia. Poppeas kroning vert rekna som eit mønsterdøme på den venetianske operaen og retningsvisande for operaen generelt. Han har eit markert typegalleri: herskarane som blir konfronterte med personar av lågare rang, dei komiske figurane og ikkje minst den forelska pasjen som fekk nytt liv i Mozarts Cherubino frå Figaros bryllup og i Octavian frå Rosenkavaleren av Richard Strauss.[2]
Etter andre verdskrigen tok interessa for verket seg svært opp, både i vitskaplege arbeid, talet på oppføringar og innspelingar. Interessa har halde fram heilt inn i vår tid.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.