From Wikipedia, the free encyclopedia
Kyssesjuke, mononukleose eller kjertelfeber er ein infeksjonssjukdom, som oftast valda av Epstein-Barr-viruset (EBV). Mellom symptoma er feber, faryngitt (gjerne med ein særs sår hals), halskjertelsvulst og utmatting.[1][2]
Fleire andre virus enn Epstein-Barr-viruset kan valda kyssesjuka, mellom dei menneskecytomegalovirus og HIV-virus.[1]
Kyssesjuke gjev som regel ikkje opphav til komplikasjonar, og er sjeldan døyeleg. 1-5 % av individ med kyssesjuke får nevrologiske komplikasjonar, som Guillain-Barré-syndrom. Opp mot 1 % får sprokken milt. Kyssesjuke aukar òg sannsynet for å utvikla multippel sklerose og Hodgkin-lymfekreft.[2][3]
Over 95 % av alle vaksne verda over er rekna å vera infiserte med EBV.[3] Kring 90 % av tilfella av kyssesjuke er valda av Epstein-Barr-viruset.[1] Det tek kring seks veker frå EBV-smitte til utbrot av kyssesjuke. Hjå ungdomar og unge vaksne er kyssing det viktigaste opphavet til primær EBV-infeksjon. Eit lite tal av EBV-infeksjonar skriv seg frå blodoverføring og ulike former for transplantasjon. Det er uvisst korleis born vert EBV-smitta, men kan henda involverer det EBV-berarar i familien som av og til har viruspartiklar i spyttet sitt. Det vert gjerne rekna at EBV-infeksjon hjå born oftast er utan symptom.[2]
EBV-virus kan infisera visse epitelseller i mandlane og B-seller lytisk. Etter at eit individ er fri for symptom frå kyssesjuka, vil EBV-viruset liggja løynd i B-seller i kroppen til individet for resten av livet dess.[2][3]
Det finst ingen godkjend vaksine mot EBV.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.