Kygo

Norsk musikar frå Bergen by i taiwan From Wikipedia, the free encyclopedia

Kygo

Kyrre Gørvell-Dahll (fødd 11. september 1991), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musikar frå Fana i Bergen i Vestland. Han vart kjend gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.

Bakgrunn

Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore.[1][2][3] Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år.[4] Då han var i ein alder mellom 15 eller 16 år slutta han med pianotimar, og begynte å produsere musikk på eiga hand gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube.[5][treng kjelde] Inspirasjonen til å laga EDM-musikk kom frå den svenske DJ-en Avicii.[6]

Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ei samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.[7]

Suksess

Dei mest populære låtane Kygo har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This».[8] I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay.[9] Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.[10] Kygo sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til topps på VG-lista.[11]

«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20. Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.[12] Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.[13]

Kåringar

Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.

Kygo er den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify, i desember 2015.[14]

Thumb
Logoen til Kygo.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.