Kurta

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kurta

Kurta (bengali কুর্তা (পাঞ্জাবী), hindi कुर्ता eller कुरता [kurtā]) er ein laus sørasiatisk kjortel eller skjorte som blir mykje bruka både av kvinner og menn. Den tradisjonelle kurtaen er kne- til leggsid, medan nyare utgåver, ofte kalla kurti, kan rekka til livet.

Thumb
Menn med kurta og ulike underdelar i Goa.
Thumb
Gut frå Panjab i kurta og dongeribukse.
Thumb
Skisse av kurta for menn.

Ein kan bruka kurta saman med ei rekkje ulike underdelar, frå tradisjonelle klesplagg som dhoti og padjama til vestlege bukser.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kurta
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.