Kroatar er ei sørslavisk folkegruppe på Balkan som vandra inn til noverande Kroatia på 600-talet .[1]
Dei fleste kroatane i Europa er samla på Balkan , særleg i Kroatia. Kart frå 2008.
I 2005 var det kring 4,5 millionar kroatar. Dei fleste av dei bur i Kroatia, men dei finst også som minoritetar i Bosnia-Hercegovina , Slovenia og Serbia .[1] Av dei 4 290 612 innbyggjarane i Kroatia ved folketeljinga i 2011 oppgav 3 874 321 eller 90,2 % av innbyggjarame at dei var etniske kroatar.[2]
Dei fleste kroatar er katolikkar .[1]
Galleriet viser eit utval kjende kroatar gjennom historia.
Tomislav I (død ca. 928), den fyrste kongen av Kroatia
Marko Marulić (1450–1524), nasjonaldiktar og kristen humanist
Nikola Šubić Zrinski (1508–1566), ban (visekonge)
Antun Vrančić (1504–1573), erkebiskop
Ivan Gundulić (Dživo Franov Gundulić, 1589–1639), diktar
Ruđer Bošković (Roger Joseph Boscovich, 1711–1787), universalgeni
Petar Zrinski (1621-1671), ban
Josip Juraj Strossmayer (1815–1905), politikar og biskop
Ivana Brlić-Mažuranić (1874–1938), forfattar
Fran Krsto Frankopan (1643–1671), barokkdiktar og politikar
Andrija Mohorovičić (1857–1936), meteorolog og seismolog
Vlaho Bukovac (1855–1922), målar
Josip Jelačić (1801–1859), ban
Antun Lučić (Anthony Francis Lucas, 1855–1921), kroatisk-amerikansk oljegründer
Ivan Meštrović (1883–1962), bilethoggar og arkitekt
Tin Ujević (1891-1955), diktar
Stjepan Radić (1871–1928), politikar
Josip Broz Tito (1892–1980), jugoslavisk statsleder 1945–1980
Ivo Andrić (1892–1975), forfattar og nobelprisvinnar
Vladimir Prelog (1906–1998), kjemikar
Ivanišević (født 1973), tennisspelar
Blanka Vlašić (født 1983), høgdehoppar
«kroater» i Store norske leksikon (vitja 19. juli 2014)
Dzs.hr - Kroatisk statistisk centralbyrå