From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristina Šmigun (fødd 23. februar 1977), gift Kristina Šmigun-Vähi i 2007, er ein estisk, tidlegare langrennsløpar frå Tartu. Ho vart verdsmeister på 10 km jaktstart i 1999 og olympisk meister både på 10 km og 15 km under vinter-OL 2006. Både faren Anatoli Šmigun og den eldre systera Katrin Šmigun var habile langrennsløparar som i si tid hevda seg godt i internasjonalt langrenn.
Kristina Šmigun | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Estland |
Fødd | 23. februar 1977 (47 år) Tartu |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's 10 kilometre classical, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 10 kilometer fristil kvinner, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007 |
Utmerkingar | 1. klasse av Den hvite stjernes orden, Estonian Athlete of the Year, 3. klasse av Estlands Røde Kors' orden, Decoration of the Estonian Olympic Committee |
Kristina Šmigun fekk sølv på 15 km fristil og bronse på 30 km klassisk stil i VM 1999 i Ramsau. Under VM i 2003 tok ho fire medaljer; gull på 10 km jaktstart, sølv på 10 km og 15 km klassisk, og bronse på 30 km i fristil.
Mellom 1999 og 2007 vann Šmigun 16 renn i verdscupen. Sesongane 2000 og 2003 kom ho på andreplass samanlagt i verdscupen.
12. februar 2006 vann Šmigun olympisk gull på 15 km duathlon, og vart dermed den fyrste estiske kvinna som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL. Fire dagar seinare fekk ho eit nytt OL-gull då ho sigra i 10 km klassisk stil. Under OL 2010 sikra ho seg ein sølvmedalje på 10 km fristil, bak svenske Charlotte Kalla.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.