From Wikipedia, the free encyclopedia
Krigsbrotsverk eller krigsbrottsverk er ei straffbar handling under internasjonal lov som inneber folkerettslege brot av krigsreglar og skikkar for krigføring. Krigsbrotsverk kan vere utført mot andre soldatar, mot sivile personar eller mot eigedom i okkuperte område.
Krigslovbrot kan mellom anna vere:
Krigsbrotsverk kan skje som ei følgje av både internasjonal og intern konflikt. Formelt sett var tidlegare krigsbrotsverk avgrensa til internasjonale konfliktar, men dette har forandra seg etter som ulike menneskerettsorganisasjonar har fått meir makt og vorte meir synlege. Døme er Oxfam International, Amnesty International og UNWRA.
Krigslovbrot er eit viktig punkt i internasjonal humanitær lovgjeving. I fleire tilfelle har internasjonale tribunal blitt samankalla for å straffeforfølgje krigsforbrytarar, som for eksempel i Nürnbergprosessen, Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia og Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for Rwanda. Det er vanleg at krigslovbrot gjort av den sigrande parten i ein krig ikkje blir forfølgd, best illustrert ved Nürnbergprosessane, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved slike prosesser. Domstolane oppretta i nyare tid av f.eks. FN er meininga å vere nøytrale og dømme krigsforbrytarar frå alle nasjonar heilt likt, men dette har også blitt gjenstand for kritikk frå enkelte organisasjonar.[treng kjelde]
Krigsbrotsverk, som til dømes landsvik, har eksistert i vanleg lov hjå ulike sivilisasjonar i mange hundre år. Under Haagkonvensjonane i 1899–1907 vart mange av desse universale reglane om krigsbrotsverk teke med som del av den internasjonale loven. Den fjerde Haag-konvensjonen (18. oktober 1907) kom med ein artikkel som er delt inn i ulike kapittel som mellom anna omhandlar handsaminga av:
Artikkel 22 seier mellom anna at «Retten til dei stridende til å skade fienden ikkje er uavgrensa, og i laupet av dei siste hundre åra har det vorte mange nye lovar som set grenser for dei stridande.» Somme av desse reglane, som t.d. Haag-konvensjonen, vert rekna som ein del av vanleg internasjonal lov, og er bindande for alle. Andre reglar gjeld berre for medlem av organisasjonar som har godteke dei. Døme på dette er avtaler om bruk av biologiske og kjemiske våpen, og bruken av ulike typar ammunisjon.
Det moderne konseptet av krigsbrotsverk vart utvikla vidare under Nürnbergprosessen med vekt på innhaldet i dokumenta frå Den militære domstolen i London, som vart publisert 8. august 1949.
Den 1. juli 2002 vart Den internasjonale straffedomstolen i Haag oppretta for å føre saker som omhandlar krigsbrotsverk utført på eller etter denne datoen. USA, Kina, India og Israel er mellom fleire som har kritisert domstolen, og nektar å godta at domstolen har nokon juridisk legitimitet.
Fleire tidlegare statsoverhovud har blitt tiltalt for krigslovbrot. Desse inkluderer:
Det har ved fleire høve blitt hevda at lovgjevinga i samband med krigslovbrot favoriserer sigerherrane i krigen. Døme på dette er dei allierte sine øydeleggingar av sivile mål under begge verdskrigane, bruken av atomvåpen over Hiroshima og Nagasaki, samt den indonesiske okkupasjonen av Aust-Timor som varte frå 1976 til 1999.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.