Kortrijk (fransk Courtrai) er ein kommune i den belgiske provinsen Vest-Flandern.
Kortrijk | |||
---|---|---|---|
Broel-tårna i Kortrijk | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Belgia Flandern Vest-Flandern | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 80,69 km² | ||
Innbyggjarar - By (1. januar 2022) |
77 741[1] | ||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 85xx (8500, 8501, 8510, 8511) | ||
Telefon-retningsnummer | 056 | ||
Heimeside: https://www.kortrijk.be | |||
Nettstad: www.kortrijk.be | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Kortrijk i Vest-Flandern |
Turisme
Arkitektur
Mykje av mellomalderariktekturen i byen er intakt og er svært godt vedlikehaldt. Interessante stader er St. Maartenskerk, Onze-Lieve-Vrouwekerk, klokketårnet og den utmerka arkitekturen langs den gamle hamna Broelkaai.
Restaurantar
Som dei fleste belgiske byar har Kortrijk eit rikt nasjonalt og internasjonalt serveringstilbod. I sentrum er det mange restaurantar.
Museum
Viktige museum i Kortrijk er
- Museum voor Schone Kunsten;
- Kortrijk 1302;
- Linmuseet;
Samferdsel
Dei to store store Europavegane E17 og E403 kryssar ved Kortrijk. Byen har òg ein større jernbanestasjon. Lokalt blir kollektivtrafikken dominert av bussar. Mange av dei gamle torga til byen er bygd om og har no fleire etasjar med parkeringshus under seg.
Kjende personar
Kjende personar som vart fødd, budde eller døydde i Kortrijk:
- Jacobus Vaet (1529 – 1567)
- Roelant Savery (1576-Utrecht, 1639)
- Karel van Mander (1579–1623)
- Jan Palfijn (1650-1730)
- Hendrik Beyaert (1823 - 1894)
- Paul Goethals (1832-1901)
- Emmanuel Vierin (1869-1954)
- Richard Acke (1873-1934)
- George Washington (1871-1954)
- Maurice De Bevere (1923-2001), serieskapar ("Morris"), Lucky Luke
- Guido van Gheluwe (1926-),
- Chris Lomme (1938)
- Ann Demeulemeester (1959),
- Piet Goddaer (1970), musikar ("Ozark Henry")
- Laurence Courtois (1976)
- Leif Hoste (1977)
- Xavier Malisse (1980)
- Lien Van de Kelder (1982)
- Edmée Daenen (1985)
- Alfred de Taeye (1905)
Galleri
- Broeltorens
- Patria
- Sint-Maartenskerk
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.