Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Korjakskij eller Korjakskaja sopka (russisk Корякская сопка) er ein vulkan på Kamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han er synleg frå det administrative senteret i Kamtsjatka kraj, Petropavlovsk-Kamtsjatskij. I lag med den nærliggande vulkanen Avatsjinskij er han erklært ein dekadevulkan på grunn av dei tidlegare eksplosive utbrota og nærleiken til store busette område.
Korjakskij | |||
fjell | |||
Korjakskij tårnar over Avatsjabukta | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Område | Kamtsjatka | ||
Fjelltype | Stratovulkan | ||
Høgd | 3 456 moh. | ||
Primærfaktor | 2 999 m m | ||
Siste utbrot | 1957 | ||
Lettast tilkomst | lett fjell- og snøklatring | ||
Koordinatar | 53°19′N 158°41′E | ||
Korjakskij 53.316666666667°N 158.68333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Koryaksky Volcano | |||
Kojrakskij er ein del av Eldringen der Stillehavsplata glir under den eurasiatiske plata med om lag 80 mm/året. Ein mantelkile ligg mellom dei to platene og er årsaka til den dynamiske vulkanske aktiviteten på heile Kamtsjatkahalvøya.
Vulkanen har truleg vore aktivt i fleire titusentals år. Geologiske funn indikerer at det har vore tre store utbrot dei siste 10 000 åra, ved 5500 f.Kr., 1950 f.Kr. og 1550 f.Kr. Desse tre utbrota har ført til omfattande lavastraumar.
I historisk tid hadde Korjakskij det første utbrotet i 1890 då lava strøymde ut av sprekker på sørvestsida av vulkanen og det oppstod freatiske eksplosjonar. Ein trudde det skulle kome eit nytt utbrot fem år seinare, men det skjedde ikkje. Det ein trudde var starten på eit nytt utbrot var berre damp som oppstod på grunn av kraftige fumaroler.
Eit anna kort, moderat eksplosivt utbrot skjedde i 1926, og så først i 1956. Utbrotet i 1956 var meir eksplosivt enn dei tidlegare kjende utbrota, med ein vulkaneksplosivitetsindeks på nivå 3, pyroklastiske straumar og laharar. Utbrotet varte til juni 1957.
Sidan den gong har ikkje vulkanen vist teikn på fleire utbrot, men seismisk aktivitet og fumaroler indikerer at vulkanen framleis er aktiv. I lys av at han ligg nær Petropavlovsk-Kamtsjatskij vart Korjakskij erklært ein av dei seksten dekadevulkanane i 1996, som eit ledd i SN sitt internasjonale tiår for reduksjon av naturkatastrofar, i lag med den nærliggande vulkanen Avatsjinskij.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.