Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kontinentalsokkel er ei nemning på den delen av eit kontinent som går ut i havet. Havdjupna i slike område er høvesvis liten. Tidlegare var kontinentalsokkelen rekna ned til ei djupne på 200 meter. Ein annan definisjon er at sokkelen går ut til kontinentalskråninga, der havbotnen skrånar ned mot djupare havområde. Kontinentalhylla er den inste delen av kontinentalsokkelen og er relativt flat med grunn havbotn langs landområda. Overgangen mellom sokkelen og skråninga vert kalla havegg.
I tilhøve mellom kyststatar, vert nemninga «sokkelen» ofte nytta. Yttergrensene geografisk er kanten av kontinentalmarginen. Om det er mindre enn 400 nautiske mil til grunnlinja til ein nabostat, vert avgrensinga av sokkelen mot ein nabostat avgjort av avtalar mellom dei statane det gjeld. Landa kring Nordsjøen har delt kontinentalsokkelen ved slike avtalar, slik at yttergrensa normalt er midtlinja mellom grunnlinjekanten til statane (midtlinjeprinsippet). Det manglar framleis ei endeleg avtale mellom Russland og Noreg om deling av kontinentalsokkelen i Barentshavet.
Ein kyststat er grunneigar på kontinentalsokkelen, i høve kontinentalsokkelkonvensjonen av 1958.
Avklaring av kva stat som har rettar på ein kontinentalsokkel har vorte særleg aktuelt i høve petroleumsverksemd utaskjærs.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.